Rekordmange oppsøker kjønnsbekreftande behandling

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke kom ein ny rapport som set spørsmålsteikn ved pasienttryggleiken til denne gruppa. Mellom anna er ikkje helsetenesta i Noreg dimensjonert for å møte auken, ifølgje rapporten.

No viser nye tal frå Rikshospitalet at 2022 vart nok eit rekordår, skriv Aftenposten.

I fjor vart 268 barn og unge under 18 år viste til sjukehuset i håp om å starte kjønnsbekreftande behandling – ein auke på 13 prosent frå året før. Det kjem fram i årsrapporten til Nasjonal Behandlingstjeneste for Kjønnsinkongruens (NBTK).

Og pågangen aukar også blant vaksne. Talet på pasientar til utgreiing og behandling steig med 19 prosent samanlikna med 2021.

Avdelingsleiar ved NBTK, Kjersti Gulbrandsen, seier årsakene er samansette.

– Lett tilgjengeleg informasjon om LGHBTQ+ og eit stort mediefokus kan vere noko av forklaringa på at fleire personar ser for seg at kjønnsbekreftande behandling kan løyse livsutfordringane deira, seier ho.


  • Les også:

Fleire nordmenn vil innføre tredje juridisk kjønn