Debutantprisen går til M. Seppola Simonsen

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

M. Seppola Simonsen blir tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for diktsamlinga «Hjerteskog».

Om denne samlinga, som er gitt ut på Flamme Forlag, heiter det at ho rommar dikt med «klangleg rikdom og rytme – som legg seg tett inntil naturen».

Forlaget skriv at: – M. Seppola Simonsens debutsamling er ei slags undersøking eller innsirkling av kvensk identitet og språkløyse i vår tids Noreg. Dikta leitar i slekt og slekters gang, i natur og dyreliv, i draumar og syner, i kropp og hjarte, dei halser etter ekko frå forlatne liv og brotstykke av eit gløymt språk, på jakt etter det vi er i alt det som ein gong var.»

Tarjei Vesaas’ debutantpris blir kvart år delt ut til beste, unge skjønnlitterære forfattar i fjor. Prisen blir delt ut av Den norske Forfatterforening, og det er det litterære rådet i foreininga som er prisjury. Juryen består av dei sju medlemmene av rådet, og dei vel ein prisvinnar ut frå ei fri og sjølvstendig vurdering.

Seppola Simonsen blir får prisen på årsmøtet i foreininga laurdag 18. mars.

Prisen vart skipa til av Tarjei Vesaas i 1964 med pengane Vesaas fekk som vinnar av Nordisk råds litteraturpris dette året.