Andrea Rygg Nøttveit
– Oppdatert 27.02.2023 14:02

No kan du gå rundt i Mushroom Kingdom og sanka poeng som Mario, Luigi, Peach eller Yoshi. Eller kva med ein tur i berg-og-dal-banen Bowser’s Challenge? Eller på Toadstool Café?

17. februar opna Universal Studios temaparken Super Nintendo World, basert på spelklassikaren. Temaparken ligg i Hollywood i Los Angeles.

Sjå reklamefilm frå Super Nintendo World i Hollywood her:

Det er likevel ikkje den første av sitt slag: I 2021 opna verdas første temapark basert på speluniverset i japanske Osaka.

I tillegg planlegg Universal å opna Super Nintendo World i temaparken sin i Orlando Florida innan 2025.