Tom Cruise skal filme i Noreg igjen

Den amerikanske filmstjerna Tom Cruise kjem tilbake til Noreg for å spele inn delar av ein ny «Mission: Impossible»-film.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tom Cruise finn dei mest spektakulære plasseringane, og vi kjenner til at den filmen delvis skal spelast inn på Svalbard, seier seksjonsleiar Dag Asbjørnsen i Norsk filminstitutt (NFI) til P4-nyheitene.

Kjem til Svalbard

Dei amerikanske produsentane av filmen hadde håpa å få støtte frå NFI på 68 millionar kroner til å spele inn på Svalbard. Oppdraget skulle likevel vise seg å vere umogleg. Kulturdepartementet meinte dette ville vere i strid med svalbardmiljølova.

No skal altså filmen likevel delvis spelast inn på Svalbard, og ifølgje Asbjørnsen skjer det dei næraste vekene.

– Det er positivt at «Mission: Impossible» har lyst til å bruke dei spektakulære omgivnadene på Svalbard som kulisse. Det eg har sagt tidlegare, er at polarnaturen der oppe er sårbar og vi derfor ikkje vil utvide filminsentivordninga til å gjelde der – for å ikkje påskjønne auka avtrykk, seier kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) til P4-nyheitene.

Tidlegare har scener frå «Mission: Impossible»-filmar vorte spelt inn på Preikestolen og på Sunnmøre.