Solid opptur for Melodi Grand Prix
Nesten ein million nordmenn benka seg framfor Tv-en på laurdag for å sjå den norske finalen av Melodi Grand Prix. Det er nesten 250.000 fleire enn i fjor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
nrk– MGP 2023 har vore ein stor suksess, noko som speglar seg i sjåartalet i helga, seier musikkansvarleg Stig Karlsen i NRK til Kampanje.
Totalt 987.000 nordmenn har så langt sett finalen av songkonkurransen, anten direkte eller i opptak. Det er 250.000 fleire sjåarar enn i 2022 då rundt 737.000 nordmenn såg finalen.
– Teamet har jobba hardt for å lage eit meir engasjerande og spennande show, fronta av svært solide artistar og låtar, seier Karlsen.
Det var likevel programmet Mesternes mester som vart vekas mest sette TV-program med 1.139.000 sjåarar.
Quiz: Kjenner du att MGP-låtane på nynorsk?