Svindlarar pressar unge for pengar med falske nakenbilete
Politiet åtvarar mot kriminelle som tek bilete frå sosiale medium og redigerer inn nakne kroppar og krev pengar for ikkje å spreia dei retusjerte bileta vidare.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det har blitt ganske enkelt å redigere bilete slik at det ser veldig ekte ut, seier Rune Fimreite i nettpatruljen til Vest politidistrikt til NRK Vestland.
Sjølv om ein aldri har sendt eit einaste nakenbilete i heile livet sitt, kan likevel bli utsett for nakensvindelen som har blomstra meir og meir opp den siste tida. Han har i størst grad ramma unge.
– Øydeleggjande
Politiet åtvarar mot at svindlarane limar inn nakne kroppar under andleta på bilete tilfeldige folk på sosiale medium. Deretter trugar dei med å senda dei til familie og andre kjenningar om ikkje eit pengekrav blir innfridd.
– For ein ungdom kan det vera veldig øydeleggjande, seier Fimreite.
Leiar i nettpatruljen for Øst politidistrikt, Jostein Dammyr seier det er viktig at dei utsette melder saka til politiet, sjølv om det er sjanse for at ho blir lagd bort.