Utval vil fjerna tilleggspoeng for folkehøgskular

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag kom regjeringa sitt opptaksutval med tilrådingar om korleis opptakssystemet bør endrast.

Utvalet tilrår mellom anna å:

  • fjerna høvet til å ta opp att fag for å betra karakterar
  • fjerna skilnaden mellom førstegongsvitnemål og ordinær kvote
  • fjerna alders- og tilleggspoeng

Om utvalet sine endringar vert innførte kan det føra til stort fall i inntektsgrunnlaget både for privatskuleeigarar som tilbyr privatistundervisning og folkehøgskulane i Noreg.

Dagleg leiar i Folkehøgskolerådet, Anne Tingelstad Wøien. Foto: Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet fryktar større fråfall

Dagleg leiar i Folkehøgskolerådet, Anne Tingelstad Wøien, fryktar at forslaga kan føra til at fleire byrjar på høgare utdanning før dei er klare for det.

– Med dette forslaget fryktar vi ei forverring der fleire ungdommar følar seg jaga inn i høgare utdanning før dei er klare til å studera, seier Tingelstad Wøien i ei pressemelding sendt til redaksjonen.

Ho viser til tal frå SSB, som viser at éin av fire som starta på høgare utdanning, droppa ut på eit tidspunkt. Over halvparten av desse returnerte på eit tidspunkt, men mange enda likevel med å ikkje fullføra ei grad.

– Store samfunnsøkonomiske kostnadar

– I dag har vi eit lappeteppe av tilleggspoeng og rangeringshøve, der alder trumfar kompetanse, seier utvalsleiar Marianne Aasen i ei pressemelding.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Foto: Ilja C. Hendel/Regjeringa

Ho seier dagens system gjer at mange brukar lang tid på å kome i gang med studium, og at det blir kunstig høge poenggrenser.

– Det gir oss ikkje betre kandidatar eller arbeidstakarar, og det har store samfunnsøkonomiske kostnadar, legg ho til.

Utdanningsminister Ola Borten Moe er einig i at dagens system er dyrt, og at det er på tide å rydde opp.

– Om alle studentane kjem i gang berre éin månad tidlegare, og går ut i jobb éin månad før, seier utvalet at det kan gje ei auka verdiskaping på meir enn to milliardar kroner i året, seier ministeren.

– Dei fleste skal ikkje gå eit prestisjestudium

Tingelstad Wøien meiner på si side at folkehøgskule kan ha samfunnsøkonomiske sparingar.

– Me vil peika på at det vil vera meir lønnsamt for samfunnet og ungdommane å bruka eit år på folkehøgskule for å bli meir medvitne og motiverte for kva dei ynskjer å gjera i framtida, framfor å risikera å droppa ut. Dei fleste skal ikkje gå eit prestisjestudium, men finna sin plass i arbeidslivet for å løysa mengda av behov samfunnet har, seier Tingelstad Wøien.

Rektor Harald Wiig Andersen ved Nordhordland folkehøgskule seier til Dagen at han fryktar følgjene om råda frå utvalet blir følgt.

– Eg trur det vil få veldig uheldige følgjer for folkehøgskulane. Dei to tilleggspoenga har gitt oss ei form for legitimitet, og elevane har fått noko synleg igjen for å gå på folkehøgskule, seier han til avisa.

Bibelskulane: – Opplevast urettferdig

Bibelskuleelevar har ikkje fått tilleggspoeng. Leiar Thomas Vårlid for bibelskolene.no helsar difor forslaget velkommen.

– Innspelet vårt har vore at det opplevast urettferdig at nokre skular får poeng og andre ikkje. Den urettferda stansar med denne endringa. For oss opplevast det som å bli høyrt. Då stiller alle likt, i alle fall, seier Vårlid til Dagen.


Les også: NSO er kritiske til opptaksprøvar i høgare utdanning

NSO-leiar Maika Godal Dam. Foto: Sjalg Bøhmer Vold/NSO