Boka Herman – Historier fra en udiagnostisert oppvekst har vore på toppen av bestseljarlista for barnebøker i to veker på rad.
Ifølge Bokhandlerforeningen har boka også selt meir enn alle andre bøker i Noreg, uansett sjanger.
Boka er skrive i samarbeid med forfattar Erlend Loe.
Flesvig seier til VG at han er veldig takksam.
– Det er utruleg fint at boka når fram til akkurat dei eg hadde i tankane då vi skreiv henne. Tilbakemeldingane er at vaksne les den saman med born, og at skular kjøper den inn i gåve til alle tilsette, seier han til VG.
- Les også denne saka frå arkivet: Inviterte Herman Flesvig til kjellarstova for å snakka om følelsar: – Det er jo litt tabu for gutar
