Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter debuten Over vegen, kjem forfattar Petter Brevik no med den vanskelege andreboka. Ifylgje innslaget til forlaget er Vakre mødrer «en språkbevisst samling på syv noveller». Her er eg og Cappelen Damm tydelegvis usamde.

For det fyrste: Merkelappen «noveller» er misvisande.

Tekstene i boka ber i liten grad preg av å fortelja ei handling. Det finst korkje noko vendepunkt eller sentral hending, sånn som det ofte gjer i noveller.

Heller enn å fortelja historier er tekstene skildringar av enkelte situasjonar og kanskje aller mest sinns­stemningar. Som om forfattaren har frose eit bilete av korleis det er å vera til.

Altså ville det kanskje ha vore meir presist å kalla Vakre mødrer for ei samling forteljingar eller kortprosa.

Det er vanskeleg å få eit godt grep om det som skjer i boka.

Namn og personar går igjen i dei ulike tekstane, utan at det eigentleg skapar ein større heilskap. Det er sjeldan eg finn ein krok eg kan hekta meg på for å bli dratt inn i boka og bli verande der over tid.

Det går lange strekk mellom stadane der boka får ein interessant puls. Det manglar eit fokus, og eg synest mykje av teksten er uvesentleg.

Språksvak med potensial

Språket er òg ei svak side ved boka. Det er ambisiøst og forsøkjer å bera mykje av boka. Men eg får dessverre kjensla av å lesa tekst som er skrive for å likna på anna litteratur.

Eg saknar meir variasjon mellom setningane. Og det hadde nok heller ikkje skada om dialogen var markert med enten hermeteikn eller ein tankestrek.

Skal du gje deg i kast med Vakre mødrer har eg eit tips: start på side 59. Der byrjar fire «noveller» – som kunne ha vore ein kort roman – som skildrar ein slags kjærleikshistorie mellom Johannes og Aurelia. Det er ømt og viser at Brevik nok har eit potensial, som han ikkje får forløyst i denne boka.


Les også: «Då eg var 20»: Unni Lindell oppdaga at ho var gravid

Unni Lindell fekk som 20-åring publisert noveller i A-Magasinet. I dag er ho rekna som Noregs krimdronning, og er aktuell med krimromanen «Fremmedlegeme». Foto: privat // Eivind Taksrud, Who Dares, Bonnier Forlag