Fleire vil ta lappen – stor pågang på oppkøyringstimar
Pågangen for å få førarkort er aukande. Samanlikna med før pandemien er det hittil i år allereie 10.000 fleire som ønskjer å ta lappen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etterslepet av dei som ønskjer å ta førarkort etter pandemien, er unnagjort, men pågangen for oppkøyring er aukande.
Ventetida på oppkøyring varierer avhengig av kvar i landet ein er, men det kan fort gå fleire månader før ein ledig oppkøyringstime er tilgjengeleg, opplyser Statens vegvesen til NRK.
Påtroppande avdelingsdirektør Heidi-Kristin Herbst i Vegvesenet seier at det har vore ein auke i etterspurnaden etter førarprøver.
– Vi har lege på eit nivå på cirka 150.000 førarprøver i året. Hittil i år har dette stige med rundt 10.000 samanlikna med 2019, seier Herbst.
Vegvesenet utdanna før sommaren 50 nye sensorar, noko Herbst trur vil hjelpe på ventetida.