Ei rokke på rundt 300 kilo er blitt fanga i ei elv i Kambodsja. Forskarar seier det er den største ferskvatnfisken som nokon gong er registrert i verda.
mm

– Dette er veldig spennande, fordi det er snakk om verdas største ferskvassfisk. Men det er også spennande fordi dette betyr at denne strekka av elva Mekong framleis er frisk. Det er eit teikn på håp om at desse enorme fiskane framleis lever her, seier biolog Zeb Horgan til CNN.

Han har tidlegare jobba som vert for TV-programmet «Monster Fish» på National Geographic Channel. No jobbar han i «Wonders of the Mekong», eit prosjekt som jobbar med å ta vare på den kambodsjanske elva.

Eit team av kambodsjanske og amerikanske forskarar, saman med tenestemenn i fiskeriadministrasjonen, måler her lengda på den gigantiske rokka. Rett etterpå vart den slept ut att i Mekong-elva i Kambodsja. Foto: Sinsamout Ounboundisane/FISHBIO via AP

Skal studera rokka

Det var lokale kambodsjanarar som fanga den gigantiske fisken. Rokka vog heile 300 kilo, og det måtte til rundt 12 menn for å få ho på land. Ho tok den nye verdsrekorden frå ein steinbit på 293 kilo, som vart fanga i Nord-Thailand i 2005.

Etter at ho vart vege, målt og elektronisk merkt, vart ho sloppe tilbake i elva.

No skal forskarane følgja med på kvar ho reiser og korleis ho oppfører seg. Det er viktig arbeid, då rokkene er sårbare for endringane som skjer i forbindelse med forureining, overfiske og andre utfordringar i Mekong.

Oppdatert: onsdag 22. juni 2022 09.41

LES OGSÅ

ANNONSE