Aina Basso dragast mot det mørke og skriv om heksebrenning, dødsstraff og blodskam

Det er ikkje akkurat lette og lyse skjebnar som blir skildra i bøkene til festspeldiktar Aina Basso.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattar Aina Basso møter oss ein solfylt maidag på Aker Brygge i Oslo. Med vinden i det lange lyse håret og sommarkjolen på er det lite som minner om dei dystre historiene om dei dystre temaa som pregar så å seie alle bøkene hennar. Men den prislønte forfattaren har hatt stor suksess med å spreie kunnskap og fortelje historier frå dei aller mørkaste krokane av historia vår.

Og i år er ho festspeldiktar på Aasentunet.

Dottera får ikkje opne boka

Den siste boka til Aina Basso handlar om dødsstraff i Noreg og er ei sakprosabok for ungdom. Allereie i permen fremst i boka er det illustrasjonar av forskjellige måtar å avrette menneske på.

– Dottera mi på fire år får ikkje opne denne boka fordi den rett og slett er for skummel. Ho må i det heile tatt vente til ho er om lag elleve år før ho får opne nokon av mine bøker, seier forfattaren.

Den siste boka til Aina Basso handlar om dødsstraff i Noreg og er ei ungdomsbok. Forfattaren er historikar og skånar ikkje ungdomen enten ho skriv om dødsstraff eller heksebrenning. Illustrasjon: Kristian Krohg-Sørensen.

Ho trur likevel ikkje den er for skummel for ungdomar å lese.

– No har eg turnert rundt med Den kulturelle skulesekken i ti år, og det har i det store og heile gått veldig fint. Vi må hugse på at ungdommen har vakse opp med valdelege dataspel og filmar og at dei er vane med å sjå mykje forskjellig.

– Dessutan er dette historier som går langt tilbake i tid, og det gjer det lettare å handtere det. Men eg hugsar likevel at det var ei jente som etter å ha høyrt foredraget mitt blei veldig redd for djevelen. Då måtte vi vaksne fortelje henne at dette ikkje var verkeleg, og så ordna det seg.

Dragning mot det mørke

Historikaren og forfattaren debuterte i 2008 med ungdomsromanen «Ingen må vite». Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge om heksebrenning i Europa. For «Inn i Elden» blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013.

– Eg har nok ei dragning mot det mørke og ikkje det lyse, og likar å fortelje historier om litt mørke og dystre tema, seier forfattaren.

– I bøkene mine prøver eg å finne ut kva dei tenkte, dei som gjorde alt dette. Det er spennande å finne ut kva anklagaren tenkte og kva som dreiv dei. Det føregår framleis heksejakt i dag nokre stader, men ikkje organisert slik det var på 1400-talet. Uansett synest eg det er spanande å finne ut kven desse heksene var og korleis i alle dagar dette kunne skje.


Les også: Maja (20) er heks: – Eg unngår ofte å snakke om trua mi med eldre familiemedlemmer

Maja Ja Jansen (20) er heks, og er veldig interessert i religion. Foto: Privar

Festspela

  • Festspela blir arrangert 9.-12. juni i Ørsta og Volda, med Aasentunet som base og sentrum.
  • Arrangør er Nynorsk kultursentrum. Aina Basso er årets festspeldiktar.
  • Under festivalen yrer det av liv i Aasentunet. Amfiet blir fylt av opningshøgtid, underhaldning, pop-, rock-, folkemusikk- eller jazzkonsertar, barneteater, gudsteneste og stemne. I salen er det teater, forfattarmøte, meir intime konsertar og kulturfaglege førelesingar.
  • Det er også ei rekkje arrangement på kafear, skular, barnehagar, bibliotek og andre stader på Søre Sunnmøre.
  • Meir informasjon på nettsida til Festspela.