Færre vil vere frivillige i sommar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan frivillige strøymde til for å hjelpe ukrainske flyktningar i vinter og folk stilte opp i hopetal som vaksinevaktar under pandemien, er situasjonen ein annan no, fortel NRK. Grunnen kan vere at fleire vil reise på ferie i sommar etter to år med innesitjing.

Nye pandemivanar og reiselyst

Generalsekretær i Frivillighet Norge, Stian Slotterøy Johnsen, peiker på at fleire kan ha fått nye vanar under pandemien, men at det også dreier seg om reiselyst.

– Vi hadde ei jamn høg deltaking fram til pandemien, og så fekk deltakinga ein slags koronaknekk. No er vi spent på utviklinga framover, seier han til NRK.

Johnsen meiner at den viktigaste årsaka til låg deltaking er at folk ikkje vert spurde.

– Vi må bli flinkare til å spørje, og vi må ikkje spørje dei som allereie sit i fire-fem styre, men vi må spørje nye folk. Dessutan treng vi god tilrettelegging og rammevilkår frå stat og kommune for å auka aktiviteten.


William Matteus Fonn (17) frå Namsos vann skrivekonkurransen om fritid, arrangert av Framtida.no og Foreningen !les. Foto: Karoline Fonn