Den tidlegare KrFU-leiaren har skrive boka «Mørkemann» om si reise inn i eit kristenkonservativt tankesett og ut att. Den rolla skulle Anders Danielsen Lie fått tolka.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg ville vere rein, gå på den smale sti. Eg ville heller ha Jesus enn alt det andre, fortalde tidlegare KrF-politikar Emil André Erstad i eit intervju til Klassekampen i samband med lanseringa av boka Mørkemann.
I Mørkemann fortel den tidlegare KrFU-leiaren korleis han vart stadig meir radikal i trua, og meinte at homofili var synd og at abort skulle vera ulovleg sjølv om kvinna var blitt valdteken.
Frå politikar til kommentator
Til Klassekampen forklarar 30-åringen sitt tidlegare standpunkt med at han hadde eit behov for å passa inn, at han overkompenenserte fordi han ikkje kom frå ein konservativ kristen heim.
Då Erstad sat som leiar i KrFU frå 2013-2015 var han ein del av den liberale fløyen i ungdomspartiet, og seinare skulle han verte ein av Knut Arild Hareide sine næraste støttespelarar. I 2020 melde Erstad seg ut av partiet og jobbar no som politisk kommentator i Vårt Land.
Erstad har ved fleire høve samanlikna prosessen han gjekk igjennom med radikalisering av unge muslimar, som har reist for å kriga for IS. I si andre bok, Mørkemann, fortel han om vegen til å bli kristenkonservativ mørkemann, og attende.
Me har teke ein kikk i bokhylla til Emil André Erstad.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?
– «Ingen eier meg» av Åsa Linderborg
Kva bøker les du helst?
– Mest samtidsromanar, sakprosa med fokus på biografiar, historie og politikk.
Kor les du?
– Overalt. I sofaen, på joggetur og i bilen (lydbok), på trikken, på jobb (for å melde bøker og skrive kommentarar), på senga, på stranda. Overalt.
Kva bøker vart lesen til deg som liten?
– Mamma las det meste av Astrid Lindgren til meg, og Anne Cath. Vestly.

Svenske Asdtrid Lindgren (venstre) og norske Anne-Cath. Vestly var populære i heimen då Emil André Erstad var liten. Foto: Ukjent og Rigmor Dahl Delphin
Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?
– «Hva er dette hva?» av Dave Eggers, om ein av dei unge gutane som måtte flykte på eiga hand frå Sør-Sudan.
Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?
– «Rasismens historie».
Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?
– Ben Macintyre.
Kva meiner du gjer ei bok god?
– Nerve, nærleik, at noko står på spel.
Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?
– Klisjé å seie det, kanskje, men: Emil i Lønneberget.

Astrid Lindgren sin Emil i Lønneberget , slik me kjenner han frå familefilmen frå 1971 Foto: Viaplay
Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?
– Astrid Lindgren, for å prate om oppseding av born.
Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?
– Agnes Ravatn.
Kven skulle spelt rolla som deg sjølv i ei eventuell filmatisering av Mørkemann?
– Anders Danielsen Lie (han frå «Verdens verste menneske»).

Skodespelarane Renate Reinsve og Anders Danielsen Lie i den kritikarroste filmen Verdens verste menneske. Foto: Oslo Pictures/ SF Studios
Emil André Erstad
Alder: 30
Frå: Manger på Radøy
Utdanning: Samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen
Yrke: Politisk kommentator
Kor mykje les du sjølv? Eg les mellom 30 og 50 bøker i året.