På tide å stille klokka igjen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste søndagen i mars klokka 2, «hoppar vi over» ein time og stiller klokka fram til 3.

Det har vore ein årleg tradisjon i Noreg frå 1980 og i enkelte periodar tidlegare på 1900-talet.

I 2018 foreslo EU-kommisjonen å kutte ut ordninga med sommartid, men konklusjonen lèt vente på seg. I fjor bad EU-parlamentets transport- og turismekomité om fortgang i arbeidet.

Ventar på EU

– På grunn av pandemien er ikkje forslaget ferdigbehandla i EU-rådet. Noreg kjem til å vente på EU før vi tek stilling til korleis vi løyser dette, men det er sannsynleg at vi legg oss på same linje, seier «tidsminister» Jan Christian Vestre (Ap).

Som næringsminister har han ansvar for Justervesenet og dermed òg for rett tid i Noreg.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) har ansvar for Justervesenet og for at tida er riktig – både på eige kontor og i resten av landet – og er dermed også regjeringas og Noregs «tidsminister». Foto: Nærings- og fiskeridepartementet / NTB / NPK

Om det framleis skal vere same tid som andre land i Europa, er ikkje heilt sikkert. Forslaget om å slutte å stille klokka to gonger i året legg opp til at kvart land skal få velje tidssone. Dermed risikerer vi at nokre av dei landa vi deler tid med i dag – alle som følgjer sentraleuropeisk tid – byter tidssone.

Enden på visa kan bli at vi må stille klokka oftare enn før når vi dreg utanlands – sjølv om det berre er ein kort tur i Europa – slik vi allereie gjer om vi dreg til dømes Storbritannia eller Finland.

Still klokka mot sommaren

Stadig fleire av klokkene vi omgir oss med stiller seg sjølv, men nokre må stillast manuelt. Og for dei som slit med å hugse kva veg dei skal stillast, finst det fleire hugsereglar.

Éin er at vi stiller klokka mot sommaren, altså fram om våren og tilbake på hausten.

Ein annan er at ein lengtar fram til sommaren om våren og tilbake til sommaren om hausten. Ein tredje og meir konkret regel er at hagemøblane blir sette fram før sommaren og tilbake når sommaren er over.


Statsminister Erna Solberg og dåverande landbruks- og matminister Jon Georg Dale besøkjer reindriftssamar i Finnmark i april 2018. Foto: Kaja Schill Godager/Landbruks- og matdepartementet