Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjersti Halvorsen sin debut Ida tar ansvar frå 2019 er no å sjå som ein kritikarrost TV-serie på Viaplay. Boka fekk mykje merksemd, og vart nominert til Tarjei Vesaas sin debutantpris.

No er ho ute med ei ny bok, som absolutt lever opp til forventningane.

Tilbake til barndomen

Kva skjer når personen du minst vil møte att, blir lagt inn på institusjonen du er tilsett ved? I Halvorsen sin nye roman opplever psykologen Edvin nettopp dette. Han jobbar på det store, forfalne Kvervelslottet, som no er blitt eit senter for rusbehandling.

Møtet med pasienten André, som mobba Edvin i barndomen gjer det umogleg å rive seg laus frå fortida. André har tyrenakke og tatoveringar, og i nærværet hans kjenner Edvin seg som ein forsvarslaus 12-åring.

Sjølv om maktbalansen frå barndomen er snudd på hovudet, blir Edvin riven tilbake i tid til pinefulle ungdomsår. I tillegg til mobbaren sitt nærvær, vekker kollegaen Signe uhyggelege minne om den fråverande mor hans i oppveksten.

Edvin mistar gradvis kontrollen over situasjonen og sitt eige liv. Noko som blant anna kastar han inn i vanskelege dilemma som psykolog og på heimebane saman med kona Therese.

Den såre handlinga gjer at romanen stiller spørsmål ved om menneske er moglege å forandre. Og om det er mogleg å forsone seg med vald og skam frå eiga fortid. Ifølgje Edvin er svaret: «Kan man tilgi absolutt alt… har man redusert seg selv til ingenting».

Sterke verkemiddel

Halvorsen skriv med ein skarp penn der ho bruker mange verkemiddel. Det kjem blant anna til uttrykk i den tverrfaglege breidda hennar som både forfattar og psykolog.

Mørk humor, blanda med ei uføreseieleg handling og eit glimrande persongalleri gjer romanen både nifs og underhaldande i ei psykologisk utforsking av makt, hemn og forsoning:

«Noe i Edvin ville ikke la André dø. Han ville la ham leve videre, forkommen, på knærne. Han ville at han skulle sitte igjen med noe kronisk som aldri gikk helt over, noe man måtte akseptere og tenke positivt omkring, gjøre det beste ut av».

Omslag: Cappelen Damm

Romanen er lettlesen, men krev at lesaren er vaken på grunn av mangfaldige referansar til litteratur og psykologi. I tillegg til å ha ei symboltung handling, der kvar minste detalj ikkje ser ut til å vera tilfeldig.

Det gjennomtenkte kjem òg blant anna til uttrykk i meisterlege skildringar av både menneske og miljø, som gjer at lesaren lever seg inn i forteljinga. Det gjer at også denne boka har eit stort filmpotensial, samanlikna med debuten.

Det er ingen tvil om at det osar av kvalitetslitteratur, men eg saknar ei meir velkomponert avslutting. Dei siste sidene verkar uferdige og spontane, sjølv om den kaotiske stilen passar godt saman med handlinga og Edvin sitt liv som gradvis fell i oppløysing.  

I alt vil eg vil tilrå romanen til unge vaksne, som ynskjer ei god historie, men òg er interessert i psykologi og mellommenneskelege relasjonar.


Kjersti Halvorsen (26) les gjerne bøker om vanskelege kjærleiksforhold. Foto: Anna-Julia Granberg/BLUNDERBUSS

Fakta

Tittel: Det er jeg som kan hjelpe deg

Forfattar: Kjersti Halvorsen

Gitt ut: 2022

Sjanger: Roman

Forlag: Cappelen Damm

Sider: 303