Denne krabaten har meldt at det blir vinter i seks veker til

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein versjon av denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lesa om mytar om puberteten.

Onsdag førre veke krabba Punxsutawney Phil ut av hola si, for å gjennomføra dei årlege Groundhog Day-oppgåvene sine, skriv nyhendebyrået AP.

Tradisjonen seier at det på denne tida er vanleg at eit jordsvin stikk hovudet opp frå hola si for første gong sidan nyttår. Viss det er mogleg å sjå skuggen av jordsvinet, kjem vinteren til å halda fram i seks nye veker. Viss ikkje, kjem det til å bli ein tidleg vår.

Tusenvis av spente menneske frå heile verda hadde samla seg i den amerikanske byen Punxsatawney, for å ta del i spådomen til jordsvinet.

Då det vart klart at folkemengda hadde greidd å sjå skuggen til dyret, braut det ut full jubel for at vinteren kjem til å bli verande i seks veker til. 

Publikum vart faktisk så glad, at dei fleire gonger ropa «seks veker til».

Groundhog Club-sjef A.J. Dereume viser fram jordsvinet Punxsutawney Phil til alle som har møtt fram. Foto: AP Photo/Barry Reeger

Stammar frå eit tysk eventyr

Punxsutawney Phil er eit jordsvin. Foto: AP Photo/Barry Reeger

Historia bak det årlege arrangementet stammar frå eit tysk eventyr, som handlar om eit loddent jordsvin. Og viss me ser litt tilbake i tid, så har Punxsutawney Phil spådd vinter meir enn hundre gongar sidan 1887.

Sjølv om Punxsutawney Phil kanskje er det mest kjende spåande jordsvinet, er han ikkje det einaste som gjer linknande oppgåver på Groundhog Day.

Ein av hans argaste konkurrentar, Staten Island Chuck i delstaten New York, var ueinig med Phil. Han spådde nemleg ein tidleg vår.

Berre tida vil visa kven av dei som får rett.


På dette bildet ligg ein bedøvd iguan i graset i Cherry Creek Park i Florida. Det uventa kalde vêret har ført til at iguanane fell ned frå trea. Foto: Joe Cavaretta / South Florida Sun-Sentinel via AP

Fakta

  • Groundhog Day er 2. februar kvart år.
  • Tradisjonen stammar frå eit gammalt tysk eventyr. Det seier at det på denne tida er vanleg at eit jordsvin stikker hovudet opp frå hola si for første gong sidan nyttår.
  • Dagen blir feira over heile USA, men tradisjonen kjem frå Punxsatawney. Dette er også heimstaden til Punxsutawney Phil.