Ny verdsrekord: tidenes lengste lyn

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka vart først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om ein 15 år gamal skøyteløpar som blir hylla etter eit historisk triks

Verdas meterologiske organisasjon har erklært verdas lengste lyn.

Lynet strekte seg totalt 768 kilometer over Texas, Louisiana og Mississippi. Det vart registrert i april 2020, skriv Huff Post. 

Den tidlegare verdsrekordhaldaren stod i to år, og var eit lyn som gjekk over Brasil i 2018. Det strekte seg totalt 709 kilometer.

– Lynrekordane er heilt ekstraordinære

Men det var ikkje berre den rekorden som vart slått i 2020. Rekorden for varigheita til eit enkelt lyn vart også slått. Eitt enkelt lyn over Uruguay og Nord-Argentina varte i totalt 17,1 sekund. Dermed tok det den gamle rekorden på 16,7 sekund.

Dette er to svært uvanlege rekordar. Grunnen er at eit lyn som regel ikkje strekkjer seg lenger enn om lag 16 kilometer. I snitt varar det mindre enn eit sekund. 

– Desse to lynrekordane er heilt ekstraordinære, seier Randall Cerveny frå Arizona State University til Huff Post.

Han er sjef for rekordstadfesting for den meteorologiske organisasjonen. Begge lyna var fleire hundre meter over bakken, så ingen var i fare, la han til.