Ute i siste liten med årets julegåver? Her er tips frå Kjartan Lauritzen, P3-Arian og @Mort1rulle

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjartan Lauritzen:

Per Áki Sigurdsson Kvikne. Artist.

Per Áki Sigurdsson Kvikne, kjend som Kjartan Lauritzen, er vinnaren av Dialektprisen 2021. Foto: Privat

– Kva er ditt beste julegåvetips?

– Kjøp noke morosamt og gøy som ikkje folk forventar, eller noko koseleg, eller avtal med folk å ikkje kjøpe gåve til kvarandre! Julegåver er STRESS!

– Kor mykje pengar brukar du på julegåver i år? Kjøper du brukt eller nytt?

– Eg brukar så lite som mogleg, dei fleste eg kjenner har alt som er nødvendig. Elles likar eg å tru at det er tanken som tel. Difor likar eg å kjøpe koselege ting og søte ting.

– Kven er den vanskelegaste å kjøpe til?

– Fruen, hehehe!!!

– Kva ynskjer du deg til jul i år?

– Kjøkkenutstyr og datautstyr HEHEHEHE 😀 <3
– God jul!!!

P3-Arian:

Arianrhod «Arian» Engebø. Programleiar på NRK P3 i «Arian» og «StudioP3».

Arianrhod Engebø er programleiar i NRK P3. Noko av det ho likar best med radio, er at det er så kort veg frå idé til gjennomføring, og at det er rom for å leike seg. Det ho synest er mest utfordrande er å ikkje bli sett i vanar. Foto: Jonathan Vivaas Kise.

– Kva er ditt beste julegåvetips?

– Eg synest det blir hundre gonger gøyare å få gåver dersom eg ikkje veit kva eg skal få. Så mitt tips vil vere å, gjennom året, notere deg ting som slår deg som gode julegåver til den og den personen og å ta fram denne lista når desember kjem. Så blir folka du gir til kanskje overraska og føler at «oi, du har jammen følgt med!». Viss du er for seint ute med å lage ei sånn liste er opplevingar alltid det beste.

– Kor mykje pengar brukar du på julegåver i år?

– Har ikkje heilt oversikta, men det blir sikkert meir enn eg hadde tenkt. Tenker det er innanfor så lenge eg kjøper ting eg trur dei som får gåvene oppriktig blir glade for.

– Kjøper du brukt eller nytt?

– Ei god blanding.

– Kven er den vanskelegaste å kjøpe til?

– Bestevenninna mi, Åste, for ho er sååå god til å kjøpe gåver og eg får så lyst til å gi like gode gåver tilbake, og det er då det blir vanskeleg. Og bror min, Stian, han er alltid tricky å kjøpe til.

– Kva ynskjer du deg til jul i år?

– Konsertbillettar. Det er alltid ein sikker vinnar.


@Mort1rulle

Morten Marius Skau. Lærar og TikTok-profil

– Kva er ditt beste julegåvetips?

– Planlegg i god tid. Kjøp gjerne julegåver gjennom heile året og dra aldri ut for å kjøpe gåver utan å vite kva du skal ha. Elles surrar ein rundt i timesvis og blir dritlei. Det skal seiast at eg ALDRI har gjort det sjølv. No er det 21. desember og eg har ikkje kjøpt ei einaste julegåve i år. Vurderer å berre vipse alle litt pengar, for no kan ein pakke det inn digitalt når ein sender det mot eit gebyr på 5 kr. Dette er nitrist og eg syg på julegåver!

– Kor mykje pengar brukar du på julegåver i år? Kjøper du brukt eller nytt?

– Det blir til dei 5 g er onkel til, mine 2 søstre og mine foreldre. 9 x 400kr blir 3600kr, også pluss det gebyret for digital innpakning på 5krx9 som blir 45kr. Då blir det ganske nøyaktig 3645kr. Dette blir heåldigitalt og veldig miljøvennlig vil eg seie!

– Kven er den vanskelegaste å kjøpe til?

– Mor og far. Dei seier alltid at dei ikkje ønskjer seg noko, så det endar ofte opp med at eg og mine søstre spleisar og tvingar på dei nokre digitale duppedittar! Pappa skulle aldri ha smarttelefon, sa han, men no postar han bilete frå jaktturane sine på Facebook, så dei har slått veldig godt an!

– Kva ynskjer du deg til jul i år?

– At alle tar koronavaksinen.


Illustrasjonsfoto: Kira auf der Heide