Dette er verdas mest beundra personar – sjå heile lista

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Michelle Obama er verdas mest beundra kvinne for tredje året på rad, og tidlegare president Barack Obama er verdas mest beundra mann for andre året på rad.

Det syner YouGov si internasjonale undersøking, der over 42.000 personar frå 38 ulike land har svara.

På kvinnetopplista er det flest underhaldningsartistar, medan det er fleire frå politikk, næringsliv og sport blant mennene.

Uendra pall

Dei tre pallplasseringane i kvar kategori er uendra frå i fjor til i år med høvesvis Microsoft-gründer Bill Gates og president Xi Jinping på dei øvrige topplasseringane for menn, og Angelina Jolie og dronning Elizabeth II for kvinner.

Men nokre nye namn har kome til i topp 20. Nye tilskot blant dei mest beundra mennene er president Joe Biden og den indiske cricketspelaren Sachin Tendulkar, medan visepresident Kamala Harris og den thailandske artisten Lisa òg markerer seg for første gong.

Sjå topplistene:

Illustrasjon: YouGov


Foto: chloe s. / Unsplash.com, kollasj Framtida.no