Marvel pusta liv i utdøydd språk

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eternals vil føre til at fleire vert merksame på gamle Mesopotamia og dets fascinerande kulturar, og eg håpar folk vil utforske dei vidare.

Det seier Dr Martin Worthington frå Trinity College Dublin i ei pressemelding.

Han er akademikaren som har sørga for at superheltane i Eternals klarar småprate på babylonsk – trass i at språket døydde ut for over 2000 år sidan.

Vekke liv i utdøydd språk

Worthington forskar på språka og sivilisasjonane som eksisterte i Mesopotamia, deriblant oldtidsriket Babylonia, og estimerer sjølv at det berre finst ti personar i verda som meistrer babylonsk like godt som han.

Då filmstudioet sende e-post om han ville hjelpe dei med det eldgamlet språket, var han ikkje vanskeleg å be.

I forkant av Marvel-filmen har Worthington skrive tekstar og spelt inn lydklipp til skodespelarane, slik at dei språket skulle verte så autentisk som mogeleg på storskjermen.

– Det var spennande å skape desse omsetjingane og sende dei ut i eteren, slik at ein skodespelar kunne seie dei høgt, gestikulere rundt dei og vekke liv i dei, seier akademikaren i pressemeldinga.

I eit innlegg hjå The Conversation forklarar Worthington korleis han har klart å føre språket, som vart snakka minst frå 2000 f.kr til 500 f.kr, inn i ein moderne kontekst.

10 millionar ord, men ikkje takk 

Mesteparten av kunnskapen ein har om språket stammar frå skriftlege kjelder, som kileskrift på leirplater. Samstundes har liknande kjelder skrivne på assyrisk – som er ein nær språkslektning til babylonsk – overlevd.

Til saman utgjer desse levningane kring 10 millionar ord. Men dei skriftelege kjeldene er ofte formelle brev og administrative oversikter. Dei syner ikkje moderne, daglegdagse fraser som la meg hjelpe deg eller vent litt.

Worthington fortel at så sant ein veit, så sa babylonarar til dømes ikkje «takk skal du ha» i Mesopotamia. Difor måtte han spekulere i kva dei kunne sagt i staden for. Nokre gongar kunne det vere nok å uttrykke glede, andre gongar nytta han omgrepet «må gud velsigne deg». På babylonsk vert sistnemnde ilū likrubūki sagt til ei kvinne og ilū likrubūka til ein mann. Ord som «myte» vart til det babylonske for «ein songars løgn».

Slike små omvegar måtte han ta for å legge dei rette orda i munnen på dei udøyelege heltane i Eternals.

– Ingen babylonarar er i live i dag til å rette på meg, så vi får sjå kva kollegaane mine seier og håpe på det beste, seier Worthington lattermildt i eit intervju med den irske kringkastaren RTÉ.


Bakgrunnsfoto frå Blindern av Alexander K. Lykke, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik. Pressefoto frå Beforeigners nytta i collage av høvesvis: Eirik Evjen/HBO Nordic og Lukas Salna/HBO Nordic