DNT ung ønsker å stoppe kjøpepresset
DNT ung ønsker haldningsendring for å fjerne kjøpepresset rundt å ha trendy klede og utstyr på fjelltur.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nordmenn er på topp i verda på å bruke pengar på sports- og friluftsutstyr, skriv NRK Møre og Romsdal. Tal frå XXL viser at kategorien friluftsliv er størst.
NRK har møtt dei tre venninnene Emmiche, Wigand, Eline Hareide og Amanda Heffermehl på fjelltur i Hjørundfjorden i Sunnmørsalpane. Dei tre seier utstyrspresset i sosiale medium gjer at dei opplever det som viktig å ha nytt utstyr.
– Kanskje meir enn ein vil innrømme, seier Hareide til NRK.
Anna Nes, leiar i DNT ung, trur det må ei haldningsendring til for å stoppe kjøpepresset, og meiner både produsentar og influensarar må ta ansvar, og at forbrukarane blir meir medvitne.
– Vi må vere merksame på presset og skjøne at det ikkje alltid er det nye som gjeld.