Fastrentene i Lånekassen går opp
Lånekassen set opp fastrentene med tre og fem års bindingstid frå 1. september.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
For fastrente med tre års bindingstid vil ho auke med 0,138 prosentpoeng til 1,933 prosent. For fastrente med fem års bindingstid vil ho auke med 0,108 prosentpoeng til 2,257 prosent.
Fastrenta med ti års bindingstid vil gå litt ned – med 0,059 prosentpoeng til 2,550 prosent.
Den flytande renta som gjeld frå 1. september er på 1,342 prosent. Dette er den lågaste renta i Lånekassens historie, skriv dei i ei pressemelding.
- Her får du forklart kva rentene på studielånet har å seie for deg: Nesten vaksen: Kva er greia med studielån?