Lånekassen set opp fastrentene med tre og fem års bindingstid frå 1. september.
NPK-NTB
NPK-NTB

For fastrente med tre års bindingstid vil ho auke med 0,138 prosentpoeng til 1,933 prosent. For fastrente med fem års bindingstid vil ho auke med 0,108 prosentpoeng til 2,257 prosent.

Fastrenta med ti års bindingstid vil gå litt ned – med 0,059 prosentpoeng til 2,550 prosent.

Den flytande renta som gjeld frå 1. september er på 1,342 prosent. Dette er den lågaste renta i Lånekassens historie, skriv dei i ei pressemelding.


Foto: John Schnobrichog Csaba Balaz, Unsplash.com og illustrasjon Colourbox. Kollasj laga av Framtida.no
Oppdatert: onsdag 11. august 2021 17.19
ANNONSE