Elena Poniatowska er ei av dei største stjernene i spanskspråkleg litteratur. Fyrst no i 2021 blir ein av hennar bøker utgjeven på norsk – det er på høg tid.

Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mexicanske Elena Poniatowska er eit skrivande ikon. Ho har ei slagkraftig penn, og gjennom si snart sytti år lange karriere som forfattar og journalist har ho ofte satt fokus på kåra til vanskelegstilte grupper i samfunnet. Poniatowska har vunne fleire viktige prisar, til dømes Cervantes-prisen.

I år kan me endeleg lesa ei av Poniatowska sine bøker i norsk språkdrakt. Takka vera forlaget Fanfare og omstejar Signe Prøis kan boka Denne er for deg, Jesusa! frå 1969 omsider finna vegen til lesarar i Noreg.

Denne er for deg, Jesusa! kom til då Poniatowska traff Josefina Bórquez. Poniatowska blei sterkt gripen av møte med denne framande kvinna. Bórquez levde eit liv som var svært ulikt det som Poniatowska kjende. Etter fleire lengre samtaler med Bórquez valde Poniatowska å skriva ut ein roman basert på det ho hadde høyrd frå Bórquez.

Romanen Denne er for deg, Jesusa! er altså ikkje rein fantasi, men ein blanding av fiksjon og røyndom. Det som har Bórquez har fortald byggjer Poniatowska på og skapar si eiga litterære verd, men ein kan likevel høyre Bórquez sitt ekko tydeleg i forteljar-stemma.

Poniatowska sin tekst er ein røff skildring av opplevingane til eg-personen i boka. Me kjem nært innpå den verda og dei personane som blir skildra. Språket er framifrå, og stilen er hard og barsk. Poniatowska skriv så godt at eg lett kan sjå føre med det ho skildrar medan eg les. Boka er utan tvil fengslande, nesten som å vera til stades sjølv.

Romanen liknar meir på ei skisse eller eit fotografi enn ei ordinær forteljing. Orda og setningane er estetisk vakre. Poniatowska har verkeleg evna til å skape liv i teksten. Eg blir fasinert av korleis små detaljar kan skapa sanseinntrykk som lukt og lyd.

Denne er for deg, Jesusa! er briljant litteratur – fantastisk! Dette er ei bok som eg skulle ønskt aldri tok slutt.

Fakta

Tittel: Denne er for deg, Jesusa!

Forfattar: Elena Poniatowska

Omsetjing: Signe Prøis

Forlag: Fanfare

Utgjeving på bokmål: 2021