Noreg stansar tvangsreturar til Afghanistan

UDI og UNE har vedteke å stanse tvangsreturar til Afghanistan fram til 15.september, opplyser dei i ei pressemelding.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bakgrunnen for utsetjinga er eskalering i konflikten mellom Taliban og afghanske styresmakter, som medfører forverring av tryggingssituasjonen i landet.

Avgjerda inneber at personar som har fått endeleg vedtak om retur til Afghanistan ikkje har plikt til å forlate Noreg så lenge returstoppen varer.

Det gjeld for personar frå Afghanistan som anten har fått avslag på søknad om vern, har vorte utviste frå Noreg, har fått opphaldsløyvet kalla tilbake eller oppheld seg i Noreg, og har fått avslag på søknaden om opphaldsløyve.

Les også: – Eg var veldig glad i Noreg, og hadde aldri reist frå landet om eg ikkje var tvungen til å gjere dette.

Ei afghansk kvinne står saman med dei to døtrene sine forann eit telt. Dei har flykta frå kampane mellom Taliban og dei afghaniske sikkerheitsstyrkane utafor byen Mazar-e-Sharif, nord i Afghanistan. Foto: Rahmat Gul/ NTB.