Åtvarar ungdommar mot å putte kvitløk i nasen
Ein Tiktok-trend har fått unge folk til å putte kvitløk i nasen for å få slim til å renne ut.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lege Ketil Skjøstad, som har lang erfaring som øyre-nase-halsspesialist, åtvarar mot at trenden kan skade slimhinna.
Skjøstad ber dei vere varsame. Men trenden kan føre til større konsekvensar, skriv NRK.
– Her snakkar vi om ungdommar og vaksne, men det kan framleis vere ein risiko for at han kjem i luftrøyret, og då kan situasjonen bli veldig kritisk, seier legen.
Trondheimslegen er derimot ikkje heilt imot bruken, som han synest det bør forskast meir på.
– Viss ungdommane opplever at det opnar opp i nasen, kan det jo ha ein effekt. Det skulle ha vorte gjort studiar på det, og kanskje gitt eit tips vidare til dei store nasespray-produsentane, seier han.
- Les om Tiktok-stjernene Max og Torkel: Tiktok-videoane til Max og Torkel om badevett tok heilt av i fjor. No er det kreative tospannet i gang med nye oppdrag for Redningsselskapet.
