Tal frå Noregs Fotballforbund (NFF) viser ein nedgang på 4 prosent frå 2019, skriv NRK Vestfold og Telemark.
– Det bekymrar oss, seier Alf Hansen, direktør for aktivitet og utvikling i NFF.
Berre i Vestfold er det 100 lag i aldersgruppa 6 til 12 år som har forsvunne sidan 2019.
Audun Follerås i Hof IL har kome med ein idé for å få fleire tilbake til fotballbanen. På nettsida fotballyst.no kan kven som helst registrere talet på timar dei har brukt med ball.
– Det treng ikkje å vere organisert fotball, seier Follerås. Målet med nettsida er å få folk til å kjenne på fotballgleda igjen. (©NPK)
QUIZ: Kor god er du på fotball-EM?