Røde Kors fryktar travel sommar – mange kan ikkje nok om friluftsliv
Fire av ti svarer «veit ikkje» eller «nei» på spørsmål om dei meistrar utfordrande friluftssituasjonar. No åtvarar Røde Kors folk mot å stole på flaksen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rundt 6.000 frivillige i Røde Kors Hjelpekorps førebur seg no på den travlaste sommaren på lang tid, der både rutinerte og mindre erfarne naturglade nordmenn vil oppsøkje både fjell, fjord og skog.
– Vi har allereie henta fleire turgåarar som langt inne i fjellheimen både har mangla varme klede og ekstra mat i sekken. Somme har gått i joggesko og rett og slett ikkje klart å komme seg heim sjølve, seier Kjersti Løvik, som er leiar for landsrådet i Røde Kors Hjelpekorps.
40 prosent er usikre på eigne kunnskapar
I fjor deltok Røde Kors i meir ein 1.600 redningsaksjonar i norsk natur, og i dei fleste tilfella var det dårleg planlegging som var årsaka til at hjelpekorpset måtte rykkje ut.
Ei fersk undersøking utført av Opinion stadfestar inntrykket. Der svarte 40 prosent at dei var usikre på eigne kunnskapar.
Fleire visste ikkje korleis ein bruker kompass, gir førstehjelp eller taklar utfordrande vêrforhold, noko som uroar Røde Kors.
Kan du å bruke kompass?
Kan du å bruke kompass?
– Det er ein for mange som er utrygge i naturen. Vi kan hjelpe til med informasjon og råd, men når alt kjem til alt, er det vala og planlegginga til kvar enkelt som avgjer, seier Løvik.
Ho har ei oppmoding til nordmenn som har tenkt seg på fjelltur i sommar:
– Ikkje stol på flaksen, lær deg fjellvitreglane, sjekk vêrvarselet og pakk alltid meir enn du trur du treng i sekken. Når du snur, er du berre halvvegs på turen.
- Les også intervjuet med den nyvalde leiaren i DNT ung: Ho ville invitert tungtvass-sabotør på Pasta Di Parma!