Instagram let deg velje pronomen – snart kan du bruka «hen» eller «dei»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Du har kanskje allereie lagt merke til at mange Instagram- og Twitter-brukarar skriv personleg pronomen etter namnet sitt.

På den måten kan følgjarane deira vete kva kjønn dei identifiserer seg som og korleis dei vil verte tiltala.

Førre veke tok Instagram grep og innførte ei løysing som let brukarane velje mellom ulike pronomen. I tillegg kan brukarane melde inn eigne pronomen til plattforma.

Nettstaden Mashable listar opp dei tilgjengelege pronomena:

  • co / cos
  • e / ey / em / eir
  • fae / faer
  • he / him / his
  • she / her / hers
  • mer / mers
  • ne / nir / nirs
  • nee / ner / ners
  • per / pers
  • they / them / theirs
  • thon / thons
  • ve / ver / vis
  • vi / vir
  • xe / xem / xyr
  • ze / zie / zir / hir

Karoline Skarstein (28). Foto: Renate Wiik