Vel orda dine med omhu – Si ;D sine 10 bod for kommentarfeltet

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei ti boda var først publisert i Aftenposten Si;D og er omsett og republisert med velvilje.

1. Ikkje bruk alderen min mot meg

Om du skal kome med motargument, gjer det på grunn av det eg seier, ikkje på grunn av mi «manglande livserfaring».

2. Les heile teksta før du skriv

Dersom du berre les overskrifta, er du ikkje like godt i stand til å debattere konstruktivt.

3. Eg høyrer gjerne kva du meiner om saka

…men bryr meg lite om kva du meiner om meg som privatperson. Dei saklege poenga dine mistar slagkrafta si dersom du blandar dei med negative og irrelevante personkarakteristikkar.

4. Vel orda dine med omhu

Hugs at det er menneske bak innlegga. Kommenter som om du står framføre meg og snakkar.


5. Hugs at Noregs lover også gjeld på nett

Unngå trugslar og hatefulle ytringar.

6. Unngå generalisering

Vi unge er like ulike som befolkninga elles.


7. Ikkje legg meiningar i munnen på andre

Dersom eg er medlem av eit parti eller ein organisasjon, følgjer eg programmet vi har vedteke. Men andre medlemmar sine enkelt-utspel er ikkje mine utspel.

8. Hald hovudet kaldt

Viss det går ei kule varmt etter at du har lese teksta mi, gå vekk frå tastaturet ei stund før du kommenterer.


Dersom du kommenterer noko du angrar på, er det heilt innanfor å slette, beklage eller omformulere.

10. Hugs at ytringsfridom gjeld alle, også oss unge

Sjølv om du er ueinig, treng du ikkje bruke hersketeknikkar eller trekkje inn utsjånad, kjønn eller funksjonsevne. Hald deg til saka! Alltid.


Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no


 

Les også intervju med debattansvarleg i Si;D Amalie Lereng: – Mange trekker fram at dei er redde for negative kommentarar og hets i kommentarfelta

Debattansvarleg i Si;D Amalie Lereng vil sikra at det ikkje er berre dei med tjukkast hud som orkar å stå i debatten. Skjermdump: Aftenposten Si;D. Foto: Privat