Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marie Tveiten (f. 1992) er musikar, låtskrivar og artist og kjem frå Seljord. Bonus er den første boka hennar og handlar om Astrid som forelskar seg i Anders og etablerer eit forhold relativt raskt.

Anders har ein son på eitt år, og Astrid må fylle rolla som bonusmor. Dette er ei rolle ho tek på strak arm, men ho er ikkje førebudd på at fleire kjem til å ha sterke meiningar om korleis ho skal opptre i den nye rolla.

I tillegg til det, er ho ikkje førebudd på at det tidlegare livet til Anders kjem til å ta så stor plass som det gjer. Det gjer boka til ein roman om dei problemstillingane og rollekonfliktane som kan oppstå i den moderne familien.

Ufullstendig språk

I eit elles godt språk er det nokre setningar som synest ufullstendige.

Døme på det er: «Eg sjekkar klokka og kjenner meg som eit stemplingsur her eg sit og følgjer med på kva tid Anders stemplar ut og inn. Blir ein paranoid av skade, ikkje klok?»

Språket er til tider vakkert, men prega av mykje skildring. Mykje informasjon, som ikkje nødvendigvis har funksjon av å gje forteljinga framdriv, pregar romanen.

Der Tveiten koplar språket opp mot kunsten, fungerer skildringa og språket godt saman: «Den klare himmelen breier seg over hustaka, går over i varmare tonar når den møter det låge, glødande skylaget av koboltblått, gult og brent sienna».

I dette sitatet ser ein tydlege referansar til spesifikke fargekulørar i tillegg til at skildringa har ein funksjon av å «måle» eit bilete av miljøet. Effekten det har er å vera impresjonistisk, og gir assosiasjonar til Alberte og friheten av Cora Sandel, som handlar om ei ung kunstnarinne i ein keisam kvardag.

Handling som druknar i skildringar

Etter mi meining er motivet av den unge bygdejenta i byen, ikledd kufte, som drøymer om å bli kunstnar og har eit komplisert kjærleiksliv noko oppbrukt.

Det gjer at handlinga er prega av å vera noko klisjéfylt. I tillegg til det er skildringa av eit forelska par med namn som startar på same bokstav alt for sukkersøtt.

I forlaget si skildring av romanen står det: «Bonus er ein roman som handlar om å sette eigne draumar i andre rekke, om å miste av syne seg sjølv og den ein elskar, når kvardagen rullar av garde».

Eg vil argumentere for at boka til ein viss grad handlar om det, men til sjuande og sist druknar tematikken i skildring av kvardagslege handlingar. Det gjer at romanen ikkje let att noko særleg form for substans, og lev ikkje heilt opp til forventingane.

Fin, søt og romantisk

Alt i alt er romanen fin, søt og romantisk, men keisam og noko treig. Det betyr at eg vil tilrå romanen til dei som ikkje har behov for spaning og eit høgt tempo.

Tveiten er flink når det gjeld språklege formuleringar. Dette er ein roman som har potensiale, men ikkje kjem sigrande ut av debuten. Det gjer at Tveiten er ein debutant eg gler meg til å følgje vidare.


Musikar Marie Tveiten (28) romandebuterer på Samlaget med «Bonus». Foto og omslag: Samlaget. Kollasj: Framtida.no

«Bonus»

Forfattar: Marie Tveiten

Utgitt: 2021

Sjanger: Roman

Forlag: Samlaget

Sider: 232