Maud Angelica fyller 18 år i dag

Marte Husabø
Publisert
Oppdatert 20.10.2021 09:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Framtida Junior.

I dag er det 18 år sidan Maud Angelica kom til verda, og Ari Behn fortalde heile Noreg at ho var «ein gyllen halvmeter», skriv VG.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Märtha Louise (@iam_marthalouise)

Maud Angelica, eller Maud som ho blir kalla i familien, har vore mykje i offentlegheita det siste halvanna året.

Årets modigaste kvinne

Ho rørte heile nasjonen då ho tala i gravferda til pappaen sin, Ari Behn, i januar i fjor.

Maud Angelica har også snakka høgt om psykisk helse, etter at pappaen hennar døydde. Han hadde det så vanskeleg, at han valde at han ikkje lenger ville leva.

Engasjementet hennar gjorde at ho vart kåra til Årets modigaste kvinne av magasinet Tara i fjor. Ho vart også nominert til årets namn i VG.


Dette er etiketten Maud Angelica Behn har illustrert. Foto: Lif Laga