Bokmelding: «Vargtimen» – ein mørk kriminalroman fullspekka av alvor

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Geir Tangen debuterte i 2016 med kriminalromanen Maestro. No er han ute med eit første bind i ein ny krimserie. Diverre lever den ikkje opp til forventingane frå debuten sin braksuksess. 

Meisterleg sydd saman

I Vargtimen følgjer ein to parallelle handlingar. Hovudhandlinga, som er sett til notid føregår i den regnfulle rogalandsbyen Haugesund. Her møter ein politioverbekjent Gabriel Fjell og kjærasten Makena, som jobbar på den lokale helsestasjonen.

På den andre sida, er parallellhandlinga sett til Nattland i Bergen. Her møter lesaren ein tilsynelatande vanleg familie beståande av eit gift par med tre born. Men det tek ikkje lang tid før ein forstår at det er ein familie som er gjennomsyra av vanskar forårsaka av alvorlege psykiske lidingar. Faktum at familien kunne ha vore kven som helst, gjer handlinga skremmande.

Omsider kryssar parallellane, men på ein noko uventa måte. Likevel, er både mysteriet og handlinga meisterleg sydd saman. 

Fine miljøskildringar

Romanen inneheld fine skildringar av lokalmiljøet i Haugesund:

«Fra kjøkkenvinduet ut mot Karinavegen så hun Karmsundet ligge svart og sugende. Hun ante konturene av Bukkøy på den andre siden i det sparsomme gjenskinnet av byen lenger nord.»

Det er mørkt og vått i vestlandsbyen, noko som står i stil med den tunge tematikken som blir skildra:

«I uværet som herjet utenfor stuevinduet, var det ingen som orket å oppholde seg. Ikke engang bikkjer.»

«Blue whale challenge»

Både Gabriel og Makena har ei rolle i etterforskinga, utfordringar som etter kvart akkumulerer. I arbeidet konstaterer Makena:

«November er vargtimen i året, husket hun Torun Lian hadde skrevet i ei bok hun leste i sommer. Det var først nå hun forsto hva som gjemte seg bak utsagnet.»

Mysteriet er knytt til internettfenomenet «Blue whale challenge», som det blir hevda at eksisterer i enkelte land. Fenomenet er eit «spel», beståande av ulike oppgåver gitt av ein administrator. Spelet føregår over 50 dagar, der deltakaren blir oppmoda til å gjennomføre ulike oppgåver, som blant anna inneber sjølvskading og tatoveringar. I den siste oppgåva blir spelaren oppmoda til å ta sjølvmord.

Vil sette psykisk helse på dagsorden

I handlinga sett til Bergen skildrar ein far rommet til si alvorleg sjuke dotter: «Så setter jeg meg ned på senga og tar inn inntrykkene fra rommet. Dystert. Depressivt. Destruktivt.» Orda kunne på same måte vore ei skildring av romanen.

I etterordet skriv Tangen at føremålet med boka var å setje lys på ungdom og psykisk helse.

I romanen set han lys på ein viktig tematikk, der han skildrar reelle samfunnsutfordringar sett på spissen. I tillegg til det viser romanen at kriminelle handlingar kan vera meir nyanserte enn korleis dei ofte blir framstilt i klassiske kriminalromanar.

God idé med forbetringspotensiale

Tematikken, samt dei brutale skildringane gjer romanen krevjande for ei sart sjel som meg sjølv. Handlinga sit igjen i kroppen lenge etter at ein har lese den, og lesaren sit att med ei ekkel kjensle. At ein blir ettertenksam, gjer at Tangen har klart føremålet sitt, men eg er usikker på om ein kriminalroman er det riktige formatet.

Eg likar ideen, men eit til tider snublande språk er med på å senke kvaliteten. Elles, med sine 382 sider vart romanen noko langdryg for ein utålmodig lesar. Lengda, i tillegg til den dystre tematikken gjer boka til for tung kost.

Ei anbefaling til påsken

I det store og det heile er forbetringspotensialet flisespikkeri. Litt finpuss hadde gjort at romanen desidert hadde nådd eit høgare nivå. Boka er det første bindet i ein ny serie, eit prosjekt som har eit lovande potensiale.

Den viktige tematikken, plottet og den gode ideen bak gjer at eg vil anbefale romanen til unge vaksne og oppover som likar krimsjangeren. Trass i forbetringspotensiale er dette ei absolutt anbefaling å ta med seg ut i påskesola.

«Vargtimen»

  • Forfattar: Geir Tangen
  • Utgitt: 2021
  • Sjanger: Krim
  • Forlag: Gyldendal
  • Sider: 382