Dette er påskeferieråda frå regjeringa – ikkje gå hytte til hytte

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

  • Last ned smittestoppappen før påskeferien.
  • Ikkje reis utanlands!
  • Karantenehotell: Alle som kjem heim frå unødvendige fritidsreiser til utlandet, må på karantenehotell fram til dei har framvist negativ test, tidlegast på dag tre.
  • Unnatak for karantenereglar: Folk som får unntak og kan følgje vanlege karantenereglar, er dei som har vore på arbeidsreiser, og dei som må gjere andre sterkt nødvendige reiser, som å delta i gravferder og besøkje alvorlege sjuke familiemedlemmer.
  • Hald deg heime viss du er sjuk, og ikkje dra nokon stad viss du er i karantene eller ventar på testsvar.
  • Følg reglar frå heimkommunen: Kjem du frå ein kommune med høg smitte og strenge reglar, må du òg følgje desse reglane der du held til påska.
  • Nærkontaktar: Unngå fleire enn ti kontaktar i veka.
  • Besøk: Unngå besøk av meir enn fem personar.
  • Éin meter avstand: Personar som ikkje kjem frå same husstand, må halde minst éin meters avstand.
  • Lov å reise på hytta: Det blir ikkje hytteforbod, dersom ein er påpasseleg med smittevern. Unødvendige reiser skal unngåast.
  • Handle heime: Gjer innkjøp heime før du dreg på hytta.
  • Unngå kontakt med andre menneske på reisa og under opphaldet.
  • Hytte til hytte-turar vert ikkje tilrådd.
  • Ubetente hytter må reserverast på førahand.
  • Unngå kollektivtransport viss mogleg.
  • Ein kan reise på hotell innanlands, men må halde avstand til andre gjester.
  • Personar som kjem frå kommunar med høgt smittenivå, bør ikkje reise på hotell eller andre overnattingsstader der mange samlast.
  • Overnattingsbesøk blir rådd mot.
  • Barn og unge under 20 år og åleinebuande kan ha overnattingsbesøk av éin eller to faste venner.
  • Utandørs sosialisering: Vel helst påskeaktivitetar som går føre seg utandørs, der smitterisikoen er minst.
  • Unngå serveringsstader og andre stader der det lett kan finnast trengsel og er vanskeleg å halde ein meters avstand til andre.
  • Alpinanlegg: Ein kan besøkje alpinanlegg, men unngå trengsel og følg smittevernreglane.
  • Religiøse samlingar: Ein kan dra på gudstenester og religiøse samlingar der ein bur, men samlingar med personar frå ulike kommunar blir rådd mot.
  • Alle påskeråda kan ein lese om på regjeringa.no.