Solid overtak for venstresida i ny måling – Vedum kan smila
Både Høgre og Ap går tilbake i Opinion si meiningsmåling i mars. Det einaste som går fram av dei tre jamstore partia er Senterpartiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Høgre går tilbake 2,3 prosentpoeng til 22,8 prosent.
Arbeidarpartiet følgjer etter med 22,7 prosent, eit fall på 1,9 prosentpoeng frå februar.
Senterpartiet får 20,7 prosent, som er 1,6 prosentpoeng høgare enn i februar.
Det går fram av målinga som er gjort på oppdrag for FriFagbevegelse , Dagsavisen og Avisenes Nyhetsbyrå.
110 av 169 til venstresida
Mandatfordelinga gir Arbeidarpartiet og Senterpartiet 80 stortingsrepresentantar.
Legg ein til representantane frå MDG, Raudt og SV får dei raudgrøne og venstresida 110 av 169 sete på Stortinget i denne målinga.
Både Raudt og MDG vippar over sperregrensa, medan Venstre og Kristeleg Folkeparti er langt under, noko som bidreg til at venstresida har eit solid overtak.
Det betyr i praksis 14 representantar i minus til Venstre, KrF og Erna, og 14 i pluss til Raudt, MDG og dei raudgrøne.
Målinga er teken opp mellom 1. og 8. mars og 966 personar er intervjua. Feilmarginen på målinga er mellom 1 og 3 prosentpoeng og størst for dei største partia.
Les også: Arbeidarpartipolitikar Camilla (20) kan verte tidenes yngste stortingsrepresentant
Oppslutninga til partia i prosent (endring frå februarmålinga i parentes):
- Ap 22,7 (-1,9)
- Høgre 22,8 (-2,3)
- Sp 20,7 (+1,6)
- Frp 9,2 (+1,1)
- SV 7,8 (+0,5)
- Raudt 4,9 (+2).
- MDG 4,1 (+0,2)
- KrF 2,9 (-0,2)
- Venstre 2,2 (-1,1)