Jakob Semb Aasmundsen (24) samla på julehefter frå før 1960

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foto: Spartacus Forlag

Namn: Jakob Semb Aasmundsen

Kallenamn: Britney

Fødd: 09.03.1996

Heimplass: Tønsberg

Vidaregåande skule: Greveskogen videregående skole

Eg drøymde om å verte: Skribent

…og eg vart: Skribent


Eg er ein vin-entusiast, som set pris på ein god kartong-vin.

Eg meiner min beste eigenskap er at eg trivst i eige selskap, men mamma seier det er at eg står opp for meg sjølv.

Mi verste uvane er kebab fleire gongar i veka, og du ser meg aldri utan eit vinglas i handa.

Eg vert alltid glad av mangfald, og mangel på mangfald gjer meg eitrande forbanna.

Det beste rådet eg noko sinne har fått er at vi har god tid.


Mine milepålar

Første minne: Ei eller anna jul med familien. Har alltid og vil alltid elske jul.

Første forelsking: På ungdomsskulen byrja eg å like ei jente og ein gut på same tid. Det vart ikkje kjærleik med nokon av dei.

Første kjendiscrush: Eg har aldri hatt ein kjendiscrush! Synest det er litt tåpeleg.

Første yndlingssang: Toxic av Britney Spears. Trashy, eg veit. Men eg er litt trashy.

Første favorittrett: Taco. #basicbitch

Første mobil: Nokia eit eller anna.

Første gong du flytta heimanfrå: Vg2, då drog eg til Frankrike på utveksling eit år.

Første gong du var full: Slutten av 10. ein gong. Følte meg så kul som vart brisen på to cider.

Første motetrend du omfamna: Eg skjønar meg ikke på mote. Det kan alle vennane mine skrive under på.

Første du samla på: Gamle teikneseriar! Meir spesifikt julehefter frå før 1960-talet… Eg var eit sært barn.

Det første Jakob Semb Aasmundsen samla på var gamle julehefter. Illustrasjonsfoto: Andrva, CC0, via Wikimedia Commons

Første (sommar)jobb: Journalist i Tønsbergs Blad. Laga ein artikkelserie som heitte Jakobs fordommer.

Første ferietur til utlandet: Var vel tur til en kosetur til Danmark med familien.

Første sosiale mediet eg fekk profil på: Facebook. Men det tok nokre år. Skulle «stå imot» sosiale medium. Så veslevaksen var eg.

Første Facebook-status: Orkar ikkje å scrolle meg tilbake. Det har vore mykje på den veggen i løpet av åra. Var sikkert noko om homofile sine rettar.

Kven vil du utfordre til å skrive i skuledagboka? Britney Spears


Innafor-Gisle sin første favorittrett var pitabrød med berre ost inni:  Kvar fredag medan eg såg på Mumfie.