Innafor-Gisle kastar vekk livet på å scrolle

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 20.11.2020 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gisle Agledahl. Foto: Christoffer Rontén

Namn: Gisle August Gjevestad Agledahl

Kallenamn:  Oh ah, Gisle Gris?

Instagram: @firgisle

Fødd: 20. oktober 1990

Heimplass: Larvik

Vidaregåande skule: Sandefjord VGS

Eg drøymde om å verte: Arkeolog og spelutvikler

…og eg vart: Journalist og programleiar


Eg er ein spel-entusiast, som set pris på å game uavbrote åtte timar i strekk.

Eg meiner min beste eigenskap er at eg er uredd, men mamma seier det er at eg vil andre godt.

Mi verste uvane er at eg kastar vekk livet på å scrolle, og du ser meg aldri utan mobilen i handa.

Eg vert alltid glad av å dra på eventyr, men køar og venting gjer meg eitrande forbanna.

Det beste rådet eg noko sinne har fått er å stille seg spørsmålet: Kva er det verste som kan skje? For i det store og det heile er jo det som oftast ikkje så ille.


Mine milepålar

Første minne: At pappa laga hoppbakke i snøen i hagen.

Første forelsking: Susanne på ungdomsskulen. Vi klina etter juleballet, men det vart ikkje oss.

Første yndlingssang: Sugababes – Overload


Første favorittrett:
Pitabrød med berre ost inni.:disappointed: Kvar fredag, medan eg såg på Mumfie.

Første mobil: Nokia 3310.

Første gong du flytta heimanfrå: Budde eg på ein barneheim i Peru og måtte sjekka senga for skorpionar kvar kveld.

Første gong du var full: Drakk eg rusbrus på eit jorde, fekk ein veldig allergisk reaksjon og måtte hentast av pappa.

Første motetrend du omfamna: Skateklede fra WeSC. Ikkje ein look for meg.

Første du samla på: Pokémonkort.

Første (sommar)jobb: Eg gjekk med VG på søndagar og var TOLV år? Er det i det heile teke lov?

Første ferietur til utlandet: Var til ei lita øy i Hellas. Alt eg hugsar er at eg vart venn med ein katt med tre bein og åt mykje hamburger.

Første sosiale mediet eg fekk profil på: Habbo hotel. Lurer på om det framleis finst?

Første Facebook-status: «hei :D»

Kven vil du utfordre til å skrive i skuledagboka? Line Elvsåshagen.


Marlon Langeland. Foto: Privat


Les også Skuledagboka til Marlon Langeland, mest kjend som SKAM-Jonas:

Han drøymde om å verte brannmann, og den første kjendiscrushen var Beyonce i filmen «Austin Powers in Goldmember».