...men i oppveksten var det rapparar som traff 31-åringen bak antologien Third Culture Kids.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pakkis var det næraste eg kom noko som relaterte til min oppvekst. Dei eg lærte historiefortelling av og prøvde å likne sjølv var rapparar.

I fjor gav Aon Raza Naqvi ut antologien Third Culture Kids på Gyldendal. I boka fortel 29 kjente og mindre kjente personar om sine opplevingar med å veksa opp mellom to kulturar.

Dagbladet kalla det brutal, rørande og fleirstemt folkeopplysning om tilhøyrsle og trilla femmar på terningen.

I tenåra var det rap og hiphop som gjaldt, men kva bøker har forma journalisten bak den kritikarroste antologien?

Journalist og marknadskommunikatør Aon Raza Naqvi kan ikkje hugsa å ha grine av ei bok.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Min Amazon Kindle ;D. Trur neste på lista for meg er Killing Commendatore og noko meir frå Norden etter det. Eg må lese meir skandinavisk.

Kva bøker les du helst?

No om dagen er eg litt hengt opp i å få lese noko av alle store forfattarar og Norden (som sagt). Prøvar å lære av dei beste rundt meg og før meg. Blir ofte dratt mot samtida om eg tenkjer på oppveksten. Var stor fan av Ingvar Ambjørnsen i en ung alder. Er det framleis.

Ingavr Ambjørnsen er ein av favorittane til Aon Raza Naqvi. Foto: Marie Sjøvold

Kor les du?

Når eg ladar bilen og etter jobb.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

Hugsar Kongens nye klær. Mamma las den til meg frå det som då kjentest som ei gigantisk illustrert bok. Første romanen eg las var Pakkis i ein alder av 13 år. Hugsar også eit vagt minne av Gummi-Tarzan og noko som heitte Fingern og gjengen eller noko sånt.

I 1986 gav Khalid Hussain ut boka Pakkis, medan Gummi-Tarzan av Ole Lund Kirkegaard først vart gitt ut i 1975.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Hells Angels av Hunter S. Thompson.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Innsikt, leikenheit, relevans og perspektiv, struktur, forteljarposisjon og spennande tidsliner, poetisk språk og rytme, detaljar, oversikt. Det er litt typisk å seie for skjønnlitteratur. Men det er så mange typar bøker og sjangrar at dette spørsmålet fortener ei (god) bok.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Geralt of Rivia. Eller, om Narutos manga er ei bok, så Jiraiya. Karakteren stammar frå det japanske folkeeventyret Jiraiya Goketsu Monogatari (The Tale of the Gallant Jiraiya). Eg veit ikkje. Føler at folk vil sjå på meg annleis om eg svarer at eg føler meg som Elling iblant, samstundes. Og litt Charlie Lie.

Naruto sin manga-versjon av Jiraiya, Geralt of Rivia i The Witcher og Ingvar Ambjørnsen sin karakter Elling (portrettert av Per Christian Ellefsen) er nokre av karakterane Aon Raza Naqvi kjenner seg att i. Foto: Naruto, Jay Maidment/Netflix og Maipo film

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Muhammad ibn Ya’qub al-Kulayni.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Profeten Muhammed sine siste ord: Eg etterlét dykk Koranen og familien min (ahlulbayt). Følgjer de desse to (samstundes), vil de aldri gå feil. Ahlulbayt ytra berre Guds ord.

Så mitt endelege svar er: Allah aka Gud aka Ar-Rahim aka Skaparen.

Kven skulle spelt hovudrolla i filmen om ditt liv?

DJ Khaled eller Steven Seagal. Kanskje om dei to fekk barn saman. Ein liten dose Aksel Hennie inni der for å gjere det relaterbart for Noreg.

Aksel Hennie fotografert i samband med NRK-serien Nobel og Steven Seagal frå si storheitstid på 90-talet. Foto: Carl Christian Raabe/NRK

Aon Raza Naqvi

Alder: 31 år

Frå: Larvik

Utdanning: Journalist og kreativ marknadskommunikatør

Yrke: Tekst

Tal på lesne bøker i året: Veit ikkje. Les så mykje forskjellig, som ikkje er direkte bøker også. Det kan vere på mobil. I år har eg lese 10 bøker. Ei i månaden.