FNs matvareprogram får Nobels fredspris

FNs World Food Programme (WFP) får prisen for sin innsats mot svolt, som saman med krig og konflikt utgjer ein vond sirkel.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I møte med pandemien har verdas matvareprogram vist ein imponerande evne til å intensivera innsatsen sin, sa leiar i Nobelkomiteen Berit Reiss-Andersen då ho annonserte vinnaren.

FNs World Food Programme (WFP) er verdas største humanitære organisasjon. Organisasjonen vart først oppretta i 1963 som eit treårig prøveprosjekt og vart utvida i 1965.

Svolt og væpna konflikt

I annonseringa understreka leiaren for Nobelkomiteen for at behovet for internasjonal solidaritet og samarbeid er viktigare enn nokosinne.

Verdas matvareprogram får fredsprisen for sin innsats for å nedkjempa svolt og arbeidet for å betra forholda for fred.

– Linken mellom svolt og væpna konflikt er ein ond sirkel. Krig og konflikt kan skapa svolt og matusikkerheit, akkurat som svolt og matusikkerheit kan skapa krig og konflikt, understreka Reiss-Andersen.

Folk ventar på matkupongar frå FNs matvareprogram i Cabo Delgado-provinsen i Mosambik, der valdelege ekstremistar har sendt over 300.000 menneske på flukt. Foto: Falume Bachir/World Food Program via AP

Kampen for berekraftmåla

I 2015 vedtok FN sine 17 berekraftmål vedtekne, og Nobelkomiteen understreka at FNs matvareprogram er eit av dei viktigaste hjelpemidla for å oppnå berekraftsmålet om å utrydda svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremma berekraftig landbruk

– I fjor gav WFP hjelp til 1 million menneske i 88 land, som er offer for akutt matusikkerheit og svolt, sa Reiss-Andersen.

Ho peika på ei negativ utvikling i offer for svolt som følgje av både krig, konflikt og den pågåande koronapandemien.

Republikanske David Beasley har leia FNs matvareprogram sidan 2017. Foto: Marylandstater, Wikipedia

– Framleis mange som går til sengs svoltne

Sjef for FNs matvareprogram, David Beasley, kallar prisen ei anerkjenning av det vanskelege arbeidet dei gjer.

– Eg håpar verkeleg at denne prisen vil vekka mange i verda og få dei til å innsjå at det framleis er folk som går til sengs svoltne, seier Beasley på telefon til NRK.