Klimateater vart årets ungdomsframsyning

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vinnaren i kategorien Beste framsyning for ungdom handlar om vår alles godhjarta vilje til å gjere noko, men kor dei fleste av oss sviktar når det kjem til praktisk handling, skriv juryen i si grunngjeving.

I helga vart Heddaprisane for 2020 delt ut. Prisane hyllar dei beste teateroppsettingane i Noreg i sesongen 2019/2020.

Nominert i tre kategoriar

Antiteateret si framsyning Før vi dør var nominert både i kategoriane årets scenetekst, årets framsyning og årets ungdomsframsyning.

Teateret stakk av med prisen for årets ungdomsframsyning for det deltakande teaterstykket Før vi dør, som er regissert av Even Standal Vesterhus og Even Torgan.

Dei andre nominerte i kategorien var sceneversjonen av Linn Skåber si bok Til ungdommen på Oslo Nye Teater og Unge Viken Teater, samt Henrik Ibsen-stykket Villanda på Det Norske Teatret.

Aftenpostens meldar kalla Før vi dør ei sjeldant god framsyning om global oppvarming og i Universitas si teatermelding kan ein lese om korleis publikum vert invitert med i stykket der Sjur (Sjur Vatne Brean) startar med klimaaktivisme frå bestemora si stove medan bestemor sjølv ligg på sjukehus.

Engasjerande politisk teater

Juryen meiner framsyninga er nyskapende, dristig og provoserende – og fortald på ein måte som treff ungdom, og alle andre, svært godt.

– Sjeldan ser me teateret behandla ein aktuell problematikk på ein betre måte. Og sjeldan opplever me at politisk teater engasjerer meir, heiter det vidare i grunngjevinga.

Foto frå PechaKucha-føredraget til Vanja Kristine H. Nilsen og Mathilde Jordåen Molvik.

Antiteateret sine 5 teaterreglar:

  1. Me skal aldri lage teater kun for teaterinteresserte.
  2. Me skal aldri setje opp teater som ikkje er relevant for samfunnet me lever i.
  3. Framsyningane skal aldri vare i over 1,5 time.
  4. Me har som mål å belyse tabubelagde tema.
  5. Reglar er til for å brytast. (Inkludert dei over).

Kjelde: Antiteateret