Flest dødsulukker blant unge
Er du sjåfør under 25 år? Då er du meir utsett for å miste livet i ei trafikkulykke - og råkøyring er vanlegaste årsaken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noregs einaste trafikktryggleiksorganisasjon for ungdom, Ung i trafikken, roper varsku om råkøyringa til ungdommen.
– Så langt i år har 51 personar mista livet på norske vegar, ti av dei var i aldersgruppa 16–25 år, seier Liv Marie Bendheim, prosjektleiar i Ung i Trafikken, i ei pressemelding.
Flest dødsulukker om sommaren
Ung i Trafikken er ein trafikktryggleiksorganisasjon for ungdom. Dei er bekymra over utviklinga i råkøyring blant dei yngste førarane i det siste, spesielt inn i sommarmånadane, som er den tida med flest dødsulukker.
Bendheim meiner dei yngste sjåførane tek fleire sjansar i trafikken. Spesielt unge menn er fartssyndarar.
– Dessverre så er unge menn overrepresentert i gruppa for dei mest grove fartsoverskridingane, seier Bendheim.
- Les også: Fire av ti har sykla i fylla