Kva skal babyen til Tone Damli heite? 5 forslag frå Framtida-redaksjonen

Framtida
Publisert
Oppdatert 17.09.2020 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tone Damli skal få baby, hurra! 

Nynorskbrukaren, som vi trur er kjend for nokre andre ting også, tok torsdag til Facebook for å få namneforslag til «puddingen i magen».

Ho spurde nok ikkje oss då ho la ut innlegget, men Framtida-redaksjonen tek ansvar. Her kjem dei fem beste forslaga til kva barnet kan heite:

1. Thomas Noregs-ferie Kristoffer

Med kombinasjonen av dei klassiske namna «Thomas» og «Kristoffer», kan Tone Damli halde fast ved tradisjonane, samstundes som namnet «Noregs-ferie» er hipt, relevant og ekstremt populært nett no. 

Alle kjem til å tenkje «shit, VI var jo på Noregs-ferie i sommar! Kvifor tenkte ikkje vi på det?». 

Namnet er aktuelt, men ikkje like lett å mobbe som «Korona» eller «COVID-19».

2. Muhammed

I staden for å fylgje straumen og velje eit heilt unikt namn, som Billie eller X Æ A-Xii, har Tone Damli no sjansen til å bli ein trendsettar, og velje det vanlegaste namnet i verda.

Det finst 173 menneske i Noreg som heiter «Chrisander», men det finst heile 150 millionar menneske i verda som heiter Muhammed. Kom igjen, Tone Damli, du treng ikkje finne opp hjulet på nytt! 

3. Ivar Aasen

Denne er sjølvforklarande. Kva skal ein gjere om ein vil kalle opp barnet sitt etter ei legende, gje det uendeleg kulturell kapital og sikre framtidig inntekt som forfattar for Samlaget? 

Hugs å tenke smart, Tone – om blogginntektene stansar om eit par år, må du ha fleire bein å stå på. Om namnet vert Ivar Aasen, kan barnet gje ut ei diktsamling. Cash money! 

4. Tonar Damli

Dette namnet har ein dobbel funksjon. 

For det fyrste: fordi Tone Damli allereie heiter Tone Damli, blir namnet kjempeenkelt å hugse. Effektivt, smart, elegant. Ho er òg musikar, so det er jo gøy at barnet heiter «Tonar», ikkje sant. Humor! 

For det andre: fleirtalsforma av «Tone» er «Tonar». Tone og barnet vil med andre ord innfri dei per dags dato gjeldande reglane for rettskriving. To fluger i éin smekk. Om de les dette, Språkrådet: vi takkar audmjukt ja til Språkprisen 2020.

5. Svein Olav

Dette er eit fint namn. Redaktøren vår heiter Svein Olav, og han er ein ålreit type. Då blir nok barnet til Tone det òg, om ho kallar han Svein Olav. 

(Vonar du har ein fin ferie, Svein Olav! Vi saknar deg på kontoret.)