Reddit stengde 2.000 forum på dagen – Donald Trump-side var ei av dei

Rahman Chaudhry
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reddit.com kallar seg sjølv for «internettet si framside». Etter skuldingar om å tillate rasisme tok nettstaden med 330 millionar brukarar i månaden grep og stengde 2.000 av sine eigne forum.

Saka har vekt stor merksemd i USA, og blei tirsdag morgon omtala av NRK.

Vil tette holet mellom verdiar og tiltak

Storskala-stenginga kjem etter ei endring av nettstaden sine retningsliner, som fekk effekt måndag. Kunngjeringa kom frå direktøren i Reddit, Steve Huffman, i eit innlegg på nettstaden.

Huffmann skreiv blant anna at endringane hadde som mål å «tette holet mellom verdiane våre og tiltaka vi har for å aktivt adressere hat». Nettstaden, som baserer seg på brukarstyrte forum, eller «subreddits», har vore i hardt vêr etter skuldingar om å ikkje slå ned på forum med overflod av hatytringar. 9. juni signerte fleire hundre forum på nettstaden eit opent brev til styret i Reddit, der dei kravde konkret handling for å stanse rasisme på nettstaden.

Brukarar i harnisk

Den populære subredditen «The_Donald», som er eit forum for tilhengarar av Donald Trump, er eit av dei største foruma som no er stengd. Subredditen hadde før stenginga 790.000 medlemmar.

Eit av innlegga som låg på subredditen “The_Donald” før han blei stengd måndag.
Foto: Skjermdump teke av the Daily Dot.

Også subredditen «ChapoTrapHouse», eit forum for lyttarar av den venstreorienterte podkasten med same namn, er stengd. Begge foruma har i lang tid vore skulda for å dele hatytringar. I lag med dei to foruma har omkring 2.000 andre forum blitt stengd som følgje av dei nye retningslinene.

Tirsdag morgon har innlegget til Huffmann 36.000 kommentarar frå brukarar. Mange er misnøgd med nettsida si handsaming av kritikken dei tidlegare har fått.

Brukaren «illegalNewt» skriv i kommentarfeltet at: «(…)det fremstår som vanskeleg å avgjere kor den objektive grensa [for hatytringar] går, og at grensa blir endra på grunnlag av eit individuelt standpunkt. Kven definerer hatytringar, og kven er bøddel?» Kommentaren har tirsdag morgon 2.600 likar-klikk.

Temperaturen er høg i kommentarfeltet under innlegget til Reddit-direktør Steve Huffman. Foto: Skjermdump frå www.reddit.com

Fakta om Reddit

  • Nettstad etablert i 2005 av Steve Huffman, Aaron Swartz og Alexis Ohanian
  • Har 330 millionar månedlege brukarar
  • Inneheld 138.000 aktive forum, kalt “subreddits”
  • Eigd av Advance Publications (majoritetsaksjonær)