Framtida Junior søkjer journalist

Me søkjer etter idérik og kontaktskapande journalist med god, nynorsk språkføring.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida Junior søkjer etter ein idérik og kontaktskapande journalist. Du er god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet.

Du har god bildeforståing, meistrar foto og enkel video, og er god til å formidla for born og unge. Du har god, nynorsk språkføring og arbeider sjølvstendig.

Me tilbyr ein kjekk og utfordrande jobb med stor fridom i eit lærerikt miljø – der du får høve til å finna nye måtar å fortelja historier på.

Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel. Erfaring som lærar er òg positivt.

Stillinga er eit engasjement i 100 prosent stilling i eitt år, og kan forlengast.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Svein Olav Langåker, redaktør Framtida Junior og Framtida.no, 94875365

Søknadsfrist: 11. august

Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein @ framtida.no – og skriv om du ønskjer å jobba ved Stord-kontoret eller Oslo-kontoret vårt.

Framtida Junior er ei redaksjonelt uavhengig avis som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til barn og unge mellom 7-13 år. Bak Framtida Junior står ABC Startsiden, Magasinett og Landssamanslutninga av nynorskommunar (LNK) ved Framtida.no. Framtida Junior har to journalistar og redaktør, og deler kontor med Framtida.no-redaksjonen i Oslo sentrum og på Stord. Framtida Junior har opplevd ein stor vekst i lesartalet sidan starten i 2017.

Saman med Sunnhordland, Os og Fusaposten, Hallingdølen, Hordaland og Sogn Avis driv me papirutgåva vår som kjem ut kvar 14. dag.

Les også: Sjå den redaksjonelle rapporten vår for 2019!

Framtida.no-redaksjonen: Svein Olav B. Langåker, Christian Wiik Gjerde, Bente Kjøllesdal, Ingvild Eide Leirfall og Andrea Rygg Nøttveit.