Pride 2020: Slik feirar du digipride

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.09.2020 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

? Pynt profilen din

Gjer det synleg at du feirar Pride på dine sosiale medium-kontoar. Sleng på pride-ramme på Facebook-profilbilete og legg ut på profilbilete og profil i dei andre kanalane.

#digipride2020

?Pynt deg sjølv

Kanskje vågar du å dra på litt ekstra i år? Finn fram glitter, ansiktsmaling og alt du har!

It’s time to shine!

?️‍? Pynt heimen

Her er det berre fantasien som set ein stoppar. Heng opp banner i taket, ute og overalt. Flagg kan puttast i bed, heisast i flaggstonga, hengast over balkongen.

Om du ikkje flaggar for deg sjølv, så kan du flagge for nokon som kanskje ikkje sjølv tør, har høve eller får lov til å flagga.

Du kan også måla plakatar, pynta eit tre i hagen, laga ein fargerik middag og dela i sosiale medium.

?Lag ein eigen lokal parade

Gå ein runde i nabolaget med familie og vener. Lag plakatar, pynt dykk og set på musikk.

(Obs: Skal de gå i trafikkert område bør den fremste og bakarste ha på seg refleksvest.)

? Følg med på livesendingar og alt som skjer på nett

Sjølv om det ikkje blir arrangert paradar med titusenvis, så er det framleis mykje som føregår på nett.

Oslo Pride har ei rekke føredrag, underhaldningsbidrag og meir på vierlive.no og Facebook-sidene sine. Laurdag blir det digitalt paradeshow.

Frå Oslo Pride Parade 2018 som gjekk frå Grønland til Spikersuppa.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

??Opplys deg sjølv og andre

Sjå dokumentarar, les Amnesty sine grunnar til at me treng Pride, høyr på podkastar. Lær og sprei kunnskapen om kvifor ein feirar Pride.

Du kan lesa om Stonewall-opprøret som starta heile Pride-rørsla.

Du kan også sjå dokumentarar og høyre på podkast:

?Følg relevante organisasjonar

På Instagram og andre kanalar er det ein drøss med organisasjonar og kontoar ein kan følgje om ein vil lære meir eller få opp Pride-stemninga litt.

Her er nokre:

Pride ulike stader i landet:

Humor:

Happy pride!