Ti ferske TV-seriar å sjå fram til

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 17.09.2020 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Space Force»

I denne kommande Netflix-komedien har Greg Daniels, skaparen av amerikanske «The Office» og «Parks and Recreation», flytta fokuset ut i rommet. Om ikkje anna er det dit karakterane siktar. I serien får sjåarane nemleg møte generalen Mark R. Naird, spelt av Steve Carell, som får i oppdrag å dra i gang den amerikanske romstyrken. I andre roller ser vi John Malkovich, Ben Schwartz og Diana Silvers.

Premiere på Netflix 29 mai.

https://youtu.be/O61lz8WGqbg

«The Eddy»

«La La Land»-regissøren Damien Chazelles siste stikk er eit fransk-amerikansk musikaldrama i miniserieformatet, der handlinga utspelar seg i Paris. André Holland spelar ein jazzklubbeigar som blir trekt inn i Paris’ kriminelle underverd når han prøver å verne livsverket sitt. Joanna Kulig og Amandla Steinberg er å sjå i nokon av rollene.

Serien hadde premiere på Netflix 8. mai.

«I Know This Much Is True»

Mark Ruffalo har to roller i dramaserien som baserer seg på Wally Lambs roman med same tittel, frå 1998. Han speler Dominick, men også den schizofrene tvillingbroren, Thomas. I opptakta i serien viser kalenderen tidleg 1990-tal, og vi følgjer dei to brørne og kampen deira mot indre demonar, både i nåtid og i tilbakeblikk.

Regien er det Derek Cianfrance som har («Blue Valentine», «The Place Beyond The Pines»).

Serien hadde premiere på HBO Nordic 10. mai.

«Unbreakable Kimmy Schmidt»

Tina Feys og Robert Carlocks komiserie var ein av Netflix’ første originalseriar, og den fjerde og siste sesongen gjekk i mål i fjor. Men i vår kjem den definitive slutten på serien om Kimmy Schmidt, ein person som gjer sitt beste for å tilpasse seg New York-livet etter å ha forlate ei dommedagssekt. I ein interaktivt spesialavsnitt får serien sin slutt.

Episoden vart sleppt på Netflix 12. mai.

«Dead To Me»

Liz Feldmans mørke blanding av komedie og drama, med Christina Applegate og Linda Cardellini i hovudrollene, hadde premiere på Netflix i mai i fjor. No held historia fram med ein andre sesong. Dei to rollefigurane Jen og Judy, som lærer kvarandre å kjenne i ei terapigruppe, kjempar framleis for halde løyndommar gravlagde.

Hadde premiere på Netflix 8. mai.

«Perry Mason»

HBO satsar stort med denne serien om den fiktive forsvarsadvokaten Perry Mason, med Matthew Rhys («The Americans») i tittelrolla. Handlinga er sett til Los Angeles når kalenderen viser 1931. Ein stor dose vestkyst-noir blir lova i denne nytolkinga av ein kultklassikar som tidlegare har resultert i over 80 romanar og ein drøss av filmar og TV-seriar.

Premiere på HBO Nordic 22. juni.

https://youtu.be/CwURtbhpm60

«Snowpiercer»

Denne TV-serien byggjer på Bong Joon-Hos («Parasit») science fiction-thriller med same tittel frå 2013, som i sin tur byggjer på den franske teikneserien «Le Transperceneige» frå 1980-talet.

Handlinga blir spelt ut i ei dystopisk framtid der jorda er frosen til is. Nokre overlevande er om bord i eit tog som køyrer jorda rundt, og klasseskilje og opprør er to stikkord. I rollene ser vi mellom anna Jennifer Connelly og Daveed Diggs.

Premiere i USA på TNT 17. mai. Skal deretter komme til Netflix.

«White Lines»

Skaparen av den spanske storsuksessen «Papirhuset», Álex Pina, er tilbake med ny serie på Netflix. «White Lines» er eit kriminaldrama med partyøya Ibiza som ramme. Søstera til ein framgangsrik diskjockey reiser dit for å finne ut kva som skjedde med broren hennar, som er funnen død. Laura Haddock har hovudrolla.

Premiere på Netflix 15. mai.

«The Great»

Elle Fanning speler Katarina II av Russland i eit satirisk drama om hennar reise til makt. Serien er skapt av Tony McNamara, som var med og skreiv manuset til den svært så kritikarroste filmen «The Favourite». No som då tek han seg svært så store fridommar i omgang med historiske personar. Humor står sentralt.

Premiere på HBO Nordic 16. mai.

https://youtu.be/CWaJ6pzrV5U

«The Mandalorian»

Då Disney lanserte sin strøymeteneste i USA i haust, var Star Wars-spin off-en «The Mandalorian» det store trekkplasteret. TV-serien har allereie fått klarsignal for tre sesongar. Den virale sensasjonen Baby Yoda har mange allereie fått eit glimt av, men først i september blir den sleppt på Disney Plus i Skandinavia.


 

Var det ikkje så mykje som frista? Sjå lista over dei kulaste tenåringsseriane på Netflix!

The End of the Fucking World, Derry Girls, Sex Education og I Am Not Okay With This er eit knippe kule ungdomsseriar på Netflix. Foto: Netflix