Kjærleik i koronaens tid – dealbreakers under korona


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg fekk meg Tinder (for ørtande gong) kort tid før korona. Pandemien har endra dei sosiale spelereglane for alle oss single.

Vatnet har vorte djupare og me er alle einsame fiskar som plaskar rundt i einsemdas hav. Difor har eg kome fram til nokre ting ein bør unngå for å ikkje gå på eit realt datingmageplask «i koronaens tid».

Førsteinntrykket på Tinder er bileta og bioen, allereie her kan mykje gå gale:

Dårlege koronavitsar

Dårlege vitsar er alltid «no go», men når alle tenkjer dei same tankane er vegen i klisjefella farleg kort. Vitsar av typen: «Søker koronasmittet, rik kvinne på 70 år for ekteskap» er diverre ikkje nok til å få mottakaren til å dra på smilebandet. Særleg ikkje femte gongen du les det.

Mange er òg oppteken av «koronasveisen» og med ein bio der det står at eg «elskar hårsveisar med humor» er eg positiv til den slags. Problemet er berre at Tinder har altfor få slike, det er rett og slett ingen som ser morosame ut på håret. Skuffande.

Mange lovar også at dei er «100% koronafri», men korleis kan dei vete det. Trust no one.

«Netflix and quarantine»

Eg har forstått «Netflix and chill» og motsvaret «HBO and commitment», men kva i helvete er «Netflix and quarantine»? Det høyres uansett ut som det vert for meget.

«Trenger noen til å handle for meg»

Endå så mykje eg elskar Facebook-grupper der ein gjer tenester for framande under pandemien, så vert eg skeptisk til å bruka Tinder til dette formålet. Er dette «legit» eller er det berre eit påskot for å få nokon til å møte deg? Lettast å seie nei.

Reisejunkies, lever for treningssenteret og tigermareritt

Alle på Tinder elskar å reise. No er tida over for alle som trur at det å ha mange land på merittlista gjer dei spanande. Pandemiskammen har klart det som flyskammen ikkje greidde og heimesitjaren er den nye lokale helten.

Det har heller aldri vore spanande med dei som lever for treningssenteret og no ser ein tydeleg at det er på tide å skaffe seg ein ny identitet.

Tiger King har òg satt ein effektiv stoppar for neddopa dyrebilete, så verda går framover.

Bilete av magar som ønskjer treff

Dette var heller ikkje det store før korona, men er endå meir uforståeleg no. Kva vil du at eg skal få ut av å sjå på magen din? Kvifor skal eg ville «treffe» ein person utan profilbilete? Det kan då ikkje vere mange som synast magen er viktigare enn andletet?

Og alle dei i opne forhold som ser etter nokon andre for leik kan no ta seg ein bolle og kose seg heime.

Kva ein bør unngå på Tinder-date anno 2020:

Facetime/Skype/Zoom/Teams-date

Dette har eg ikkje testa ut i praksis, men fleire på Tinder føreslår virtuelle datar. Ofte står det allereie i bioen. Ja, det viser at du tek omsyn, men for alle oss som vert sjølvbevisste av jobbmøter på Skype er det ekstremt høg terskel å ta det til date nivå. Tanken er god, men her har eg ikkje trua.

Kroppskontakt!

Eg har vore på date med tre ulike personar etter at Noreg stengte ned. Ein av dei syntest det var ein god idè Å TA PÅ MEG!! Ti minutt inn i gåturen legg han handa på korsryggen min. Ok, så er det sikkert ikkje direkte smittefarleg, men eit tydeleg teikn på at du er HEILT IDIOT! Når han i tillegg set seg så farleg nær at eg må trekke meg tilbake vert det turn off. Der skiltes våre vegar.

Heimebesøk

Ja, folk inviterer framleis heim til seg. Ein fyr hadde brygga masse øl og spurte på chatten om eg ville kome og smake. Eg tenkte: «Hell no!», men svara: «Nei, takk». Det skal vere ein rimeleg bra flyt på chat for at ein risikerer den slags no til dags.

På førstedaten drista ein annan fyr seg til å spørje: «Skal me gå heim til deg og ta eit glas vin?» Eg forklarte at eg ikkje hadde hatt besøk heime sidan korona starta, noko han tolka som at leilegheita mi var for rotete. Så må du forklare at: «Nei, eg vil ikkje heim til deg heller.»

Diagnosar

Dei som insisterer på at astma er sexy tek diverre feil og koronaen har ikkje gjort det lettare for dei med diagnosar i risikogruppa. Plutseleg tek ein seg i å stille betimelege spørsmål som: «Kan eg date ein diabetikar?»

Eg har faktisk data ein person i risikogruppa. Og nei, han var ikkje over 60 år. Mot slutten av ein fem timar lang bytur fortel han at han har diabetes. Altså, eg kan risikere å drepe han om eg ikkje er forsiktig nok. Er du klar over kor godt ein skal like nokon for å drepe dei fordi ein ikkje klarar å halde seg unna?

Eg brukte ein time på å gå heim etter date fordi eg ikkje våga å sitje på i bilen hans og fann ikkje på andre ting me kunne gjere enn å gå tur og padle kajakk. Med ei vaksine fleire år unna var det ikkje så lett å sjå for seg ei framtid.

If you love someone, let them go.

Her kan alt gå gale tenkjer du, men det er faktisk nokre ting som funkar:

Gode vitsar

Eit tidleg døme var denne søte: «Ser etter noen å komme i karantene med når den tid kommer». Framsynt og snertent. Høgre.

Så har me ulike versjonar av «søker date i 2022». Ein fin form for galgenhumor. Trist, men sant. Og tolmod er ei dyd. Det blir ja, (om me framleis hugsar det når den tid kjem).

Omtanke

Det finnast folk som faktisk tilbyr seg å gjere tenester som til dømes handleturar via Tinder. Sidan eg ikkje treng det vert det venstresveip, men heilt klart ein mental høgre.

Tinder er ikkje full av omtanke, men korona har faktisk gjort at ein bryr seg meir om kvarandre. Når eg spør om korleis det går lurer eg oppriktig, fordi me alle er saman om det <3

Tips for ein vellukka korona-date:

Ver kreativ

Før kunne ein berre førselå ein øl, kaffi, minigolf eller dart, men no har ein vorte pressa til å tenke utafor boksen. Ein blir jo glad av å vere ute i aktivitet, så aldri så gale at det ikkje er godt for noko.

Hald avstand

Alt du treng å læra om koronadating kan du få av Jimmy Castle: «This is your dance space. This is mine. I don’t go in to your dance space. You don’t go in to mine».

Å ikkje invadera andre sin private sfære er alltid kult!

Ver tålmodig

Ok, så er korona dårlege tider for alle rundbrennarar, fuck boys and girls der ute. Men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.

Alt blir bra.