DNT-hyttene opnar gradvis frå 1. mai

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det blir eit avgrensa tilbod i starten og ei rekke endringar både for hyttegjestar og turdeltakarar når DNT-hyttene no gradvis opnar igjen. På grunn av smittevern må turfolk bestille på førehand og følge smittevernreglane.

– Etter lange veker heime treng folk å få lufta hovud og kropp i andre omgivnader. DNT har eit stort ansvar for å bidra til det, og derfor har vi innført ei rekke tiltak slik at vi kan gi gode naturopplevingar på ein forsvarleg måte, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT, i ei pressemelding.

Må bestille på førehand

Hyttene som er tilgjengelege for bestilling i starten, er hovudsakleg sjølv- og ubetente hytter i nærleiken av byar og tettstader, og dei betente hyttene Haukeliseter på Hardangervidda og Sota Sæter i Breheimen.

Kva hytter som opnar, kan du sjekke på dnt.no.

DNT er kjent for at det alltid er plass på hyttene og at ingen blir avvist. I år blir det annleis.

– Dette er ikkje året for å ta ting på sparket. Alle som skal bu på hyttene våre må bestille i forkant. Det er ikkje mogleg med drop-in, dagsbesøk eller å bruke toalettet ved sjølv- eller ubetente hytter om du er på tur i området, seier Klarp Solvang.

Sota Sæter er ei av DNT-hyttene som no blir opna etter at ho vart koronastengd. Foto: Jasemin Folvik / DNT

Instruks for hytter og fellesturar

DNT har laga ein instruks for smittevern både på hyttene og på fellesturar. Fellesturar med turleiar får færre deltakarar. Turgruppene vil vere på fem personar inkludert turleiar. I nokre tilfelle kan fleire «femmargrupper» inkluderast i same aktivitetstilbod, om gruppene held godt avstand.

Alle som ikkje høyrer til same husstand må halde to meters avstand. Det blir òg eit avgrensa tal på kor mange som kan bu på hyttene samtidig. Det blir også andre vaskerutinar, både for dei som bor på hytta og for hyttetilsyn og hyttevakter.

– Vi skal gjere det vi kan for at alle som ønsker det skal få gode naturopplevingar framover, men det vil bli annleis enn det ein er van med. Både DNT og turgåarar må endre rutinar og praksis. Med god planlegging og ei innstilling om å følge reglane, er vi sikre på at dette blir bra, trass alt, seier Solvang.

Les også: DNT ung-leiaren sine beste sommarturtips

Turen over Besseggen er ein av Noregs mest kjente og populære turar. Her frå sesongopninga i 2015. Foto: Marius Dalsæg Sætre/DNT