Hønsegjødsel skal stoppe festklare svenskar under koronapandemien

Christian Wiik Gjerde
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lund kommune har stengt ein av dei største parkane i byen på Valborg, 30. april. Dette gjer dei for å hindre at tusentals av ungdomar skal samlast og feire denne store festkvelden, skriv Expressen.

No har kommunen tatt endå ei beslutning for å hindre store samlingar som kan spreie koronaviruset: Nemleg å spreie hønsegjødsel over parken.

– Å sitje i ein park som stinkar hønsegjødsel og der det blåsast med løvblåsing og andre ting, er ikkje ei hyggeleg oppleving, skriv styreleiar i kommunen, Philip Sandberg på Facebook.

Valborg er ikkje så vanleg å feire i Noreg. Men i vårt naboland, Sverige, er dette ein stor og viktig fest, der dei feirer at våren er på veg. Frå gamalt av er Valborgsnatta ein katolsk fest som feirast til minne om Sankt Valborg på kvelden 30. april eller natt til 1. mai.